No blir det digitalt førarkort

Jon Georg Dale  Foto: Tor Livius Midtbø / Samferdselsdepartementet

Nyhende

Dette seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding i forbindelse med at Vegdirektoratet sender på høyring forslag om regelverksendringar for å legge til rette for digitalt førarkort.

Statens vegvesen har dei siste åra utvikla fleire digitale løysingar, som gir auka fleksibilitet og tilgjengelegheit for brukarane, samtidig som Statens vegvesen kan utøve dei viktigaste oppgåvene på ein meir effektiv måte. No er det altså ei digitalisering av førarkortet som står for tur.

– Det digitale førarkortet skal for nasjonal bruk vere eit fullverdig førarkort. Det betyr at det vil vere tilstrekkeleg å ha det liggande på mobilen – som dei fleste uansett alltid har med seg, seier Dale.

Det digitale førarkortet vil vere tilgjengeleg via for eksempel mobiltelefon og vil vere eit frivillig, gratis supplement til dagens fysiske førarkort. Det vil framleis bli sendt ut fysiske førarkort, både til dei som får førarkort for fyrste gong, og ved fornying. Det fysiske førarkortet må framleis takast med ved køyring i utlandet.

Det blir arbeida med sikte på at publikum skal kunne ta tenesta i bruk i løpet av hausten 2019.