Ordførar Arnulf Goksøyr med god kjensle etter brumøte i Molde:

Betre alternativ finst ikkje

- Det var greitt å få avkrefta mistanken om at Statens vegvesen er så inkompetente på tunnelprising som enkelte trudde.
Nyhende

Det seier ordførar Arnulf Goksøyr etter å ha fått presentert det nye reknestykket for senketunnel i staden for bru til Nerlandsøy. Det nye overslaget, som Asplan Viak kunne legge fram på eit møte i Molde denne veka, prisar ei tusen meter lang tunnelløysing til 750 millionar kroner.