Åtte år gamle Aron startar miljøagent-lokallag saman med mor:

– Vi må passe på naturen

Saman med mor er herøyværingen Aron (8) no klar for å starte eit lokallag for alle miljøagentar på Søre Sunnmøre.

Son og Mor: Aron Kleppe Green og Annelise Kleppe er begge veldig opptekne av miljøet. Derfor vil dei invitere allereie eksisterande miljøagentar og nye til eit eige lokallag for Søre Sunnmøre. Dei jobbar no med å få på plass eit oppstartsmøte. Dei vil gjerne høyre frå folk som er interesserte i å vere med.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi er nøydde til å seie ifrå når folk forsøplar naturen, det er ikkje greitt.

Sjølv om det er ein heller beskjeden gut Vestlandsnytt møter, er Aron Kleppe Green på langt nær like beskjeden når det kjem til meiningar om miljøet. Han har bede om å møte lokalavisa for å presentere eit tiltak han saman med mor Annelise Kleppe har bestemt seg for å sette i gang

– Vi veit her er fleire miljøagentar på Søre Sunnmøre, men her er ikkje lokallag. Det har vi bestemt oss for å gjere noko med, forklarar dei to miljøentusiastane då vi møter dei denne veka.

Dei presenterer vidare at lokallaget i fyrste omgang er meint for miljøagentar, eller barn som er interessert i å bli det, i området Herøy, Sande, Ulstein og Hareid. Inntil noko anna er bestemt, er konseptet tenkt å vere stasjonert i Herøy.

– Men dette er sjølvsagt ting vi vil drøfte på eit oppstartsmøte, forklarar Annelise Kleppe.

Dei tek sikte på å arrangere eit slikt møte i nærliggande tid. Med på møte får dei Bjørn Erik Løken, organisasjonsagent sentralt i organisasjonen. Inntil datoen er spikra, ber ho folk som er interesserte om å kontakte henne

– Vi håpar fleire i alderen 0–16 år, vil vere med. Det kan aldri bli for mange miljøagentar.

Hyppigheita av møte er heller ikkje bestemt, men dei skisserer at ein gjerne kan prøve å møtast ein gang i månaden.

– Men for min del kan vi godt møtast mykje oftare, gliser Aron.

– Skal ha det kjekt

Aron tek til å forklare kva tilbodet vil gå ut på.

– Det viktigaste er at vi skal ha det kjekt. Vi skal møtast og gjere spennande aktivitetar i lag.

Han forklarar at ein i eit lokallag sjølv bestemmer kva dei vil gjere og at dei kan søke om pengar for å finne på spanande ting. Som eit døme nemnar han at dei vil lage fuglekasser, rydde plastikk og vere mykje ute.

– Vi skal passe på naturen, seier han bestemt, og oppmodar fleire om å bli miljøagentar.

– Det er veldig kjekt. I tillegg til eige blad får vi tilgang til vår eiga nettside der vi kan snakke og diskutere, avsluttar han.