Karl Petter Sortehaug utfordrar reiselivsaktørane til å ape etter deira oppskrift:

– Må ha fleire pakkeløysingar

Dagleg leiar ved Sunnmørsbadet, Karl Petter Sortehaug, rår reiselivsaktørane i Herøy til å få på plass fleire pakkeløysingar for å få dagsturistane til å vere lenger i Herøy.

Karl Petter Sortehaug: Dagleg leiar ved Sunnmørsbadet ser at pakkeløysingane dei har med Thon Hotel Fosnavåg er ei suksessoppskrift. No håpar han resten av reiselivsaktørane apar etter denne modellen. Han meiner slike tilbod er lettare å marknadsføre då dei er føreseielege prismessig. Arkivfoto: Bjørnar T. Sævik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/arkivfoto

Nyhende

Som dei har gjort tidlegare år, gjorde Sunnmørsbadet denne vinterferien ei undersøking av besøkstala sine. Gledeleg nok kan dei tilsette rapportere om mange badeglade gjestar. 4000 er talet på besøkande, noko dagleg leiar Karl Petter Sortehaug omtalar som ein suksess. Kvar gjestane kom frå, blei også registrert med samtykke. I denne statistikken ser vi at ålesundarane ligg på toppen. Deretter kjem folk frå Haram som nummer to, Skodje, Vågsøy og Giske. Herøy var nummer ni.