Kvinnedagen med Hanne Notøy, Ellen Kvalsund og Emma Sævik fredag 8. mars

Skal snakke kvinnesak på Madelynn Coffee

Men er det no noko å gnåle om denne feminismen då? I verdas mest likestilte land? Ja, meiner Torill Myren, Eileen Gjerde og Linn Therese Sævik. Difor tek dei grep.
Nyhende

– Eg trur det er litt annleis å vere kvinne i Herøy. For veldig mykje av stoltheita vår er knytt til den maskuline og maritime kulturen.

Det seier Torill Myren, som saman med Linn Therese Sævik og Eileen Gjerde, står bak den lokale arrangeringa av Kvinnedagen på Madelynn Coffee fredag 8. mars.

– Til dømes ser ein at her er ein ganske stor prosent deltidsjobbane kvinner, seier Myren.

Ein fylkesstatistikk frå 2017 viser at 49,9 prosent av sysselsette kvinner (20-66 år) i Herøy jobba deltid. For sysselsette menn i same aldersgruppe var andelen på sju prosent. I Sande var fordelinga omtrent lik; 50,2 prosent av kvinnene jobba deltid, medan 8 prosent av mennene gjorde det same.

– Desse tala er med på å forsterke ei forventning om at arbeidet heime er kvinnene sitt hovudansvar. Det gjer valmoglegheitene mindre for både kvinner og menn, seier Myren.

Har sakna noko lokalt

I sitt «tidlegare liv» som journalist var Myren rundt på mange plassar og dekka arrangement i samband med Kvinnedagen.

– Eg har i mange år tenkt at vi burde ha noko i Herøy også, seier ho

Ei tilfeldig Twitter-melding og ein sosial middag under Opplevingsfestivalen på Thon Hotel Fosnavåg skulle bli utslagsgivande for at tanken omsider vart omgjord til handling.

– Det dukka opp ei Twitter-melding om svangerskapspermisjon, som eg og Eileen knisa litt av. Det var ein som skreiv at det var umogleg for nøkkelpersonell innan rekneskapsføring å ta permisjon. Det låg litt implisitt at det var utenkeleg for han at ein rekneskapsførar kunne vere dame, seier Myren.

Planla på éin kveld

Nokre dagar seinare møttest Torill Myren, Eileen Gjerde og Linn Therese på nemnde opplevingsfestival. Då vart Twitter-meldinga nemnd.

– Vi sat og prata under middagen, og så førte det eine til det andre, fortel Myren.

Allereie same kveld byrja trekløveret å ringje rundt til aktuelle aktørar og spurde om dei ville stille opp på eit arrangement på Kvinnedagen.

– Og det ville dei. Vi planla eigentleg alt den kvelden, seier Myren.

Prat, kviss, musikk og litteratur

På programmet står mellom anna kvinnekviss, song av Emma Sævik og kvinneprat med Hanne Notøy og Ellen Kvalsund. Notøy er utdanna elektrikar og jobbar ved Ulstein Verft, og Ellen Kvalsund er banksjef i Sparebanken Møre.

– Vi spurde Emma Sævik om å syngje, fordi vi veit at ho er oppteken av likestilling, og ho er sjølverklært feminist. Hanne og Ellen valde vi fordi dei er to dyktige personar med reflekterte meiningar om dette med likestilling. Dei har erfaringar frå politikken begge to, i tillegg til at dei har litt utradisjonelle roller i næringslivet, seier Myren.

Forsamlinga får også besøk av den nye leiaren ved Herøy folkebibliotek, Karen Einan, som skal gi ein kort presentasjon av bøker som passar til temaet.

– Likevel ikkje likestilt

– Kva forventningar har kvinner til andre kvinner, og kva forventningar har menn til kvinner? Korleis påverkar dette oss, silk at vi likevel ikkje er likestilte i verdas mest likestilte land? Og kva forventningar knytt til kjønn ligg i språket vårt? Det er noko av det vi skal snekke om på Kvinnedagen, seier Myren.

Arrangementet er sjølvsagt ope for alle – også menn.