Her er søkartala for Herøy vidaregåande: Noko usikkert kring bygg og anlegg

Søknadstala for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal er no inne. Som i resten av fylket, er teknikk og industriell produksjon og helsefagarbeid svært populært ved Herøy vidaregåande skule. Situasjonen kring bygg og anlegg er derimot litt uviss.

Herøy vidaregåande:   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars hadde 3654 ungdommar søkt om skuleplass på Vg1 i Møre og Romsdal. 211 elevar har linjer ved Herøy vidaregåande som fyrsteval. Her er det totalt 280 plassar.