Hedvig Mollestad Trio

Først ut er Hedvig Mollestad Trio med sin energilada instrumentalrock med jazz i hjørna. For dei som er ukjende med Hedvig, er ho ein norsk gitarist frå Ålesund, står det på Wikipedia.

For kvart album Hedvig Mollestad Trio gir ut, prøver kritikarane å finne opp ein passande sjanger for den trollbindande, kompromisslause og «rett-i-mellomgolvet-musikken» trioen spelar. – Jazz eller rock? Stonerswing? Eller kanskje doomjazz?

Classic Rock kom nærast: Jazz Sabbath. Bandet sin eklektiske miks av referansar går frå Black Sabbath og Jimi Hendrix til John Coltrane, samtidsjazz og metal.

Dette har vist seg å vere ein suksessoppskrift: Hedvig Mollestad Trio har ein stadig aukande internasjonal fanskare.

Bandet blei starta i 2009 etter at Mollestad blei «årets unge jazztalent» under Moldejazz, og trioen blei signert til Rune Grammofon etterfølgande år. Etter fire studioalbum og eit dobbelt konsertalbum, kom det siste studioalbumet den 30. november 2018.

Om hjartet ditt ligg nært det jazzy og frie, eller om du likar den tunge beaten og den pumpande bassen, har bandet blitt ein live-favoritt. Dei har spelt på alt frå skitne små buler rundt i verda til dei store, classy konsertsalane og jazzfestivalane. Trioen har varma opp for John McLaughlin på London Jazzfestival og spelt på store musikkfestivalar som Roadburn, SXSW, Tons of Rock, Vancouver Jazzfestival, Ottawa Jazzfestival, Berlin Jazz Festival, London Jazz festival, Tampere Jazz Happening og Øyafestivalen for å nemne nokon.

Trine Rein

I 2019 er Trine Rein deltakar i «Hver gang vi møtes» og markerer samstundes 25 år som internasjonal artist. Trine Rein fekk gjennombrotet sitt internasjonalt i 1994 med debuten «Finders keepers» og låg øvst på salslistene i Norge, selde totalt til 3 x platina og har teke imot éin Spellemannspris. I 2017 sleppte ho nytt album, «THE WELL», til gode meldingar.

Hausten 2018 var ho i studio med nyskrivne låtar, som vil bli presenterte på turnéen saman med hitar og favorittar frå heile karrieren.

Trine Rein er kjend for sine musikalske krumspring, frå dei nakne og sårbare poplåtane til heftig rock, der ho boltrar seg i ulike sjangrar med ein stemmeprakt få kan måle seg med.

Låtane som blir framførte skal opplevast like sterkt anten ho opptrer heilt akustisk, med berre éin musikar på scenen, eller med fullt band.

Artisten er kjend for å by på seg sjølv, og har evna til å tilpasse repertoar og historier til kveldens publikum. Med humor og historier til ettertanke undervegs i konsertane, blir publikum betre kjende med artisten og personen Trine Rein.

I bandet har ho med seg Jan Holberg (bass), Arild Følstad (tangentar), Per Ole Iversen (trommer) og Jostein Pedersen (gitar).