Ved pause var stillinga i Herøyhallen 18-18, men i andre omgangen vart det vanskelegare for Bergsøy.

– Eg syntest vi starta bra, og vi var jo i leiinga omtrent heile første omgangen. Etter at dei sette frimerke på Beate (Myklebust, red.mrk), sleit vi derimot med å få fart på ballen, seier Eileen Baumann Jensen i ein kommentar til Vestlandsnytt.

Bakspelaren meiner at det likevel var ein godt gjennomført kamp av Bergsøy.

– Alt i alt syntest eg at vi gjorde ein bra kamp, der alle gjorde så godt dei kunne.

Toppscorar for Bergsøy-damene var Beate Myklebust med ni mål. Også Lisa Marie Vestnes Sørdal var i scoringshumør, og sette inn sju scoringar.

Ein heimekamp igjen

For Bergsøy-damene står det no att tre kampar på bortebane, og ein heimekamp mot Rindal.

Heimekampen er også damene sin neste kamp, laurdag 16. mars. Då spelar damene kamp først, før herrane møter Tjølling til toppkamp i 2. divisjon seinare på kvelden.