Torsdag kveld la Havyard-konsernet fram rekneskapen for fjerde kvartal og heile 2018. For heile 2018 hadde konsernet eit negativt driftsresultat på 76 millionar kroner før skatt. Driftsresultatet for fjerde kvartal var negativt, med underskotet på 39 millionar kroner før skatt.

- Konsernets driftsresultat (EBIT) i fjerde kvartal er negativt, og under målsetjinga om positivt driftsresultat. Hovudårsakene er tap på eksterne kontraktar i segment Production & Services og fokus flyttast mot intern aktivitet som er lønnsam og viktig for konsernet. Dei svake resultata i segmenta Power & Control og Fish Handling er relatert til omstilling og utvikling av nye produkt og tenester. Begge segment har fornøgde kundar og  lønnsam ordrebok, heiter det i meldinga.

- Vi har i tillegg føretatt ei ekstra avskriving av FoU som har gitt ei negativ effekt på MNOK 25 er samanlikna med 2017.

Aukar driftsintektene

Driftsinntektene auka frå 355 millionar kroner i fjerde kvartal 2017, til 822 millionar kroner i fjerde kvartal 2018.

Ordreboka ved utgangen av 2018

Ved utgangen av 2018 er ordreboka på MNOK 4 642. Det inkluderer to brønnbåtar, ni ferjer, ein pelagisk fabrikktrålar og tre service-skip til vindmøller. I tillegg til skip til bygging på eige verft inkluderer ordreboka design og utstyrspakker for fartøy bygd på verft over heile verda.