Onsdag reiste Anders Riise (fylkesordførarkandidat for Høgre) og Charles Tøsse (gruppeleiar i Høgre på fylket og medlem i samferdselskomiteen) rundt om i Herøy, med følgje av sine lokale partifellar. Synfaringa starta på Leinane der vegstrekninga mot Voldsund stod på dagsorden. Fylkespolitikarane fekk her treffe arbeidsgruppa som jobbar for å sette i gang utbetringar på vegstrekninga.

– Farlege situasjonar dagleg

Steffen Voldsund og fleire sambygdingar i arbeidsgruppa snakka openhjartig om korleis dei føler at vegstrekninga Leine-Voldsund har vore utsett lenge nok.

– Vi opplever farlege situasjonar dagleg. Spesielt sommarstid, må turistane strøymer til Runde i store bubilar og folk går langs vegen, oppstår det eit skummelt trafikkbilete. Dei kjenner ikkje vegen slik vi gjer. Det er utruleg viktig at vi får på plass ei snarleg løysing, seier dei.

For å konkretisere problemet på vegstrekninga, tok dei med Riise og Tøsse på køyretur for å vise dei kor trongt det er når både bubilar, personbilar og fotgjengarar må dele vegbana.Bjørn Otterlei (H) stilte faktisk med bubil for anledninga.

Etter å ha køyrt vegstrekninga, hadde både Riise og Tøsse ei endå klarare forståing av behovet for utbetring.

Prioritering til sommaren?

Ei lita gladmelding for deltakarane på møtet var det elles at at fylkespolitikarane trur at dei, innan mai eller juni, vil kunne få Leine-Voldsund tilbake på prioriteringslista og dermed gjere prosjektet forskoterbart for kommunen. Fylket hadde i 2017 ei hovudrullering på alle prioriteringar. Fylkesvegane i alle kommunane vart då prioriterte på ny, men vegstrekninga mellom Leine og Voldsund kom ikkje med i investeringsprogrammet. No trur altså både Riise og Tøsse at dei vil kunne få vegstrekninga prioritert. Ei forskotering er ein av to moglege finansieringsløysingar lokalpolitikarane ser på for prosjektet.

50/50 finansiering

Det andre alternativet er ei 50/50-fordeling av kostnadane. Kommunen tek halve kostnaden og fylket den resterande biten. Dette er ein finansieringsmåte for mindre prosjekt, men Arnulf Goksøyr og Ann-Kathrin (Tine) Storøy peika på at dette kanskje kunne la seg gjere då ein kan gjennomføre vegprosjektet i to omgangar, der ein fyrst tek føre seg strekninga som allereie er ferdigregulert og deretter den resterande strekninga utover mot Remøya.

Vil ha skilt!

At ei prioritering kan kome på plass, var no vel og bra, meinte arbeidsgruppa. Men endå hurtigare tiltak må etter deira meining gjerast allereie før ein utbetrar vegen. Det vart mellom anna foreslått at ein sett opp møtepunkt-skilt på dei smalaste stadane på vegstrekninga.

– Og eg må seie at eg enno ikkje kan fatte og begripe kvifor ikkje vegen utover her er forkøyrsveg, kommenterte Bjørn Otterlei.

Glad for det ho høyrde

Etter møtet snakka vi kort med Herøy Høgre sin ordførarkandidat, Ann-Kathrin (Tine) Storøy, om utbyttet av dagens seanse. Ho var spesielt nøgd med prioriteringskampen som no blir ført for vegstrekninga.

– Eg er veldig fornøgd med dagen. Vi har god dialog gjennom sakene, men det er viktig at politikarane kjem hit for å sjå kva som må gjerast. Det var veldig positivt å høyre at dei har noko konkret på gang i forhold til denne vegstrekninga, sa Storøy, som la til at Høgre lokalt har ein intensjon om å kjempe for ei snarast mogleg løysing i denne saka.

Nerlandsøybrua: Løysing klar før april

Seinare på dagen, tysdag, var Anders Riise og Charles Tøsse også innom Kvalsund for å sjå på og snakke om Nerlandsøybrua.

Her fekk dei klar beskjed frå lokalbefolkninga om at dei mildt sagt er møkklei av ventinga på brua, noko dei begge hadde full forståing for.

Ekstraordinært møte

Forhåpentlegvis er det ikkje meir enn nokre veker igjen før ein har ei endeleg løysing på bordet. Charles Tøsse informerte Vestlandsnytt om at dei skal møtast for å vurdere alternativ neste veke. Det blir derimot ikkje fatta noko avgjersle om brua onsdag 6. mars.

– Styreleiaren i samferdselsutvalet har derimot kalla inn til eit ekstraordinært styremøte 25. mars.

– Her skal vi ta ei avgjersle på kva løysing ein går for i denne saka. Når, løysinga er valt, skal ho opp som ein økonomiplan-sak, og det er Høgre sin intensjon å finansiere den valte løysinga, konkluderer Tøsse.