Sjølv om Høgre sine representantar i finanskomiteen kanskje hadde håpa på meir tilbakemeldingar på til dømes skatte- og avgiftstrekk då dei besøkte Fosnavåg på onsdag, forlèt dei på langt nær kontora til Olympic slukøyra. Stig Remøy, som var deira vertskap i høve besøket, hadde nemleg fleire konkrete bodskap og kome med til politikarane.

Må ha kompetanse

Etter å ha snakka seg varm om historia til selskapet, kom Remøy inn på essensen av det som var hans politiske bodskap for dagen. Stikkordet var kompetanse.

– Vi har eit skrikande behov for meir og ny kompetanse. Olympic satsar mot ein veldig avansert og spesialisert marknad som treng fagutdanna folk for å sikre ein så berekraftig drift som mogleg. I fjor var om lag 40 prosent av omsettinga vår innanfor fornybar energi, noko som berre vil auke på i åra som kjem, sa Remøy.

Derfor, forklara han, er det heilt essensielt at ein sikrar gode kompetansemiljø langs kysten der næringslivet er. Forsking og utdanning må skje i samspel med næringslivet i endå høgare grad.

Samferdsel og infrastruktur

I tråd med tematikken, snakka Stig også om korleis samferdsel er ein viktig pådrivar som gjerne ikkje blir tilrekna nok verdi når ulike sambandsprosjekt er oppe til vurdering.

– Gode samferdselsprosjekt gjer at vi kan skape større kompetansemiljø. For samfunnet generelt trur eg også dei gode samferdselsprosjekta løyser ein del andre strukturelle utfordringar i det offentlege, forklarte Remøy. Han viste mellom anna til den enorme suksessen Eiksundsambandet har vore for dei som bedrift.

– Det har opna ein mykje større marknad for oss, der vi kan hente kompetanse.

– For å lykkast i nye havnæringar, er tilgang på ny kompetanse avgjerande og god infrastruktur er då eit viktig bidrag.

Teknologi

For å grunngje kvifor han er så opptatt av kompetanseheving viste Remøy til sin planlagde kril-båt. Gjennom fleire år har Rimfrost utvikla ein patentert hydrolyse-teknologi på fangst og prosessering av kril-produkt. Remøy kan dokumentere at denne teknologien kan gi veldig høg avkasting, på eit relativt lite uttak av kril i Antarktis. Dei utnyttar nær 100 prosent av krilen. Produkta gjer mellom anna at oppdrettslaksen veks raskare og får betre helse.

– Vi kan hente ut mykje frå lite. Større volum er ikkje løysinga. Det er viktigare at vi utnyttar all biomassen, sa Remøy.

Remøy viste også til at kril som fiskefôr kan løyse eit presserande problem. Det er nemleg påbod om å bruke stoffet Ethoxyquin (EQ) i fiskemjøl, som skal bli transportert via sjø. Stoffet hindrar at det oppstår brann og eksplosjon i fôret. Som ein følgje av dette, kan laks innehalde EQ. Ny kunnskap om stoffet tydar dessverre på at eitt av nedbrytingsprodukta og eitt stoff som vert danna som ei forureining under produksjonen, kan ha negativ effekt. På bakgrunn av dette jobbar EU med å fase ut EQ som tilsetningsstoff innan 2020. Her ser Stig altså eit stort potensial, då kril-mjøl ikkje har som problem at det går varme i fôret.

– Legge til rette for innovasjon

Etter møtet fekk vi snakka kort med både Marianne Synnes (H), medlem i utdannings- og forskingskomiteen, og Henrik Asheim (H), leiar i finanskomiteen.

– Den viktigaste bestillinga eg tek med meg frå møtet med Stig, er at ein treng riktig kompetanse i heile landet, og at ein legg til rette slik ein får tilgang til spesialisert kompetanse også i distrikta, sa Asheim.

– Remøy er veldig innovativ. Eg tek med meg at vi må legge til rette for at innovative bedrifter klarer å få det til, sa Synnes.

Ålesundaren peikte mellom anna på at ein kan gjere meir når det kjem til vilkåra kring opsjonsskatt for at dei ikkje skal stoppe vekstbedrifter, og at ein må jobbe for betre sosiale rettigheiter for gründerar.

– Det er mange som går på hovudet. Det er også få kvinner som tørr å satse, då det er veldig risikofylt.