– Slik situasjonen er no, har eg ikkje noko anna alternativ enn å trekkje meg ut av kulturskulen.

Det seier dirigent og fløytelærar Øyvind Granden Berg.

Bakgrunnen for avgjersla er at Herøy kommune har vedteke å kutte siste rest av støtte til vaksenkor og vaksenkorps frå hausten 2019. For kulturskulen medfører dette ein utgiftsauke til løn på cirka 40 prosent – eller om lag 240.000 kroner – som dei ulike vaksenlaga sjølv må betale.

For Cervix Vocales sin del betyr dette at kvart kormedlem måtte ha betalt 2800 kroner i årsavgift dersom Øyvind Granden Berg skulle halde fram samarbeidet med kulturskulen.

Reknestykket er ikkje hyggelegare for verken Bergsøy Blandakor, Leikong Blandakor, Herøy Mannskor eller Herøy Janitsjar. Alle laga har allereie hatt fleire kraftige aukar i medlemskontingentane dei siste fire åra.

– For vår del endar vi no opp med ein auke på 255 prosent frå 2015 til 2019, seier Sølvi Nerem Berg i Cervix Vocales, og held fram:

– Tidlegare har vi akseptert auken, for vi skjønar at kommunen må prioritere barna. Men så kjem ein til eit smertepunkt.

Fryktar for framtida

Det smertepunktet har dei fleste nådd, skal vi tru gjengen Vestlandsnytt treffer på Lanternen tysdag denne veka.

Styremedlem Oddrun Frantzen Strand i Bergsøy Blandakor fryktar at vi no ser byrjinga på slutten for dei fleste kora i kommunen.

– Vi (Bergsøy Blandakor) måtte nyleg auke til 2600 kr per medlem per år, og no skal vi auke endå meir? Vi slit allereie med rekruttering og å behalde medlemer fordi det er så dyrt, seier ho.

Øyvind Granden Berg er klar i sin tale:

– Eg er sikker på at kora og korpsa kjem til å forsvinne heilt på eitt eller anna tidspunkt.

Dirigenten prøver likevel å halde liv i Cervix Vocales i det lengste, ved å slutte i kulturskulen og leige ut tenestene sine via sitt eige enkeltpersonføretak.

– Då vert det ikkje like dyrt for koret, seier han.

Avgjersla fører elles til at kulturskulen mister fløytelæraren sin og at Berg går mykje ned i løn. Han veit heller ikkje kor lenge han kan halde fram med å jobbe utan ein føreseieleg kontrakt.

Heller ikkje Per Ola Kleppe (Leikong Blandakor) skjønar korleis koret han leiar skal kunne halde fram når medlemskontingenten deira aukar til nærmare 3500 kroner i året.

– Kommunen tek kvelartak på oss, seier han.

Ingen av dei frammøtte ser føre seg at kora dei representerer kan halde fram samarbeidet med kulturskulen når kontingenten aukar til hausten. Det same gjeld for Herøy Janitsjar.

Berre for dei rike?

Sølvi Nerem Berg fryktar at dei første som må slutte med hobbyen sin er «dei som treng det mest».

– I desse laga har vi mellom andre arbeidsledige, langtidssjukemelde, trygda og småbarnsforeldre. Felles for dei er at dei har denne eine kvelden i veka der dei får vere i lag med andre og føle at dei bidreg. Desse medlemene er dei første vi mister viss ein skrur opp prisen, seier ho.

– Eit stort tap for kommunen

Kulturskulerektor Rune Paulsen sit med to hattar i denne saka, då han også er leiar for Herøy Janitsjar.

– Eit argument i innsparingsprosessen er at nabokommunar ikkje har hatt denne ordninga med subsidiar. Tankegangen er at vaksne må finansiere sin eigen hobby, seier han.

Paulsen er likevel bekymra:

– Det vert eit stort tap for kommunen vår dersom dette kor- og korpsmiljøet forsvinn. Vi mister ein rekrutteringsarena for dei eldste ungdomane som ynskjer ei større musikalsk utfordring enn det skulekorpsa kan gi. I tillegg er dette ein fritidsaktivitet som godt vaksne kan halde på med omtrent heile livet, seier han.

Ikkje minst vil publikum merke tapet, trur han:

– Mange av dei vaksne frå korpsa og kora har stilt opp gratis på Herøyspelet i alle år. Det same gjeld høgtidsgudstenester i kyrkja, som jul og påske. I tillegg bidreg fleire med trivselstiltak, som å spele på sjukeheimane, spesielt til jul. Mange har også stilt opp på store arrangement som «Bryl & Vinyl» og Elvis-konserten til Bergsøy Blandakor. Dei vaksne kora og korpsa arrangerer kvar for seg mange konsertar og tilstellingar i løpet av året, både i kyrkjene, på grendehusa og på konserthuset. Dette har stor betyding for det sosiale og trivselen i dei ulike bygdene, avsluttar Rune Paulsen.

Han og nestleiar i Herøy Janitsjar, Andreas Kvalsund, sende i april i fjor eit brev til Herøy kommune der dei argumenterte for å halde fram med subsidiane. I brevet heiter det mellom anna:

« ... Ei svært god ordning som gjer at det er mogleg å halde oppe ei drift som vi greier å handtere med inntekter frå m.a. loddsal, konsertar, medlemskontingent, sponsormidlar og litt vaksenopplæringsmidlar i tillegg til nemnde viktige støtte frå kommunen. Dei siste åra har sponsormidlane nærast falle ut på grunn av vanskelege tider i næringslivet, og det har gjort drifta vår mykje vanskelegare. (...) Å få tak i ein dirigent som vil jobbe gratis, slik det til tider vart gjort i «gamle dagar», er ikkje mogleg lenger. Og med ei ekstrautgift på nærare 90.000 kroner, vil det etter kvart verte ganske vanskeleg for oss å handtere, og då har vi ikkje anna moglegheit enn å leggje ned drifta».

Det same gjeld for kora.

– Sponsormarknaden er skrapa, seier Sølvi Nerem Berg.

Tatt av oppvekst-budsjettet

Ettersom kulturskulen ligg under oppvekstsektoren i Herøy kommune, er det i dette budsjettet det nemnde innsparingstiltaket vert gjort.

Kommunalsjef Oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, seier dette om saka:

– I samband med at kommunestyret handsama varige innsparingstiltak våren 2018, kom det fram eit forslag om at vaksne kor og korps, som kjøper dirigenttenester frå kulturskulen, skal betale kostpris for dette. Dette er ein praksis som fleire andre kommunar har hatt lenge, medan Herøy kulturskule har hatt faste satsar for kjøp av slike tenester.

For Herøy kulturskule har dette betydd ein del lønnskostnader, som ikkje har blitt inndekte gjennom satsane som kor og korps har betalt.

Kommunestyret vedtok at også Herøy kulturskule skal ha same praksis som dei fleste andre; at kor og korps for vaksne som vil kjøpe dirigent frå kulturskulen, betaler det som det faktisk kostar.

Av praktiske årsaker, så som allereie inngåtte avtalar, vert dette ikkje innført før frå august 2019.

Kva sum dette vil medføre i innsparing, vil variere frå år til år, alt etter lønnsnivået og stillingsprosentane til dei aktuelle dirigentane kor og korps ønskjer å nytte.