– Vi kan ikkje drive å kjøpe oss arbeid. Då er det betre å tilpasse seg dagens vanskelege konkurransesituasjon med sterkt prispress i marknaden, og for stor kapasitet i forhold til tilgangen på arbeid.

Slik forklarar dagleg leiar Eivind Berge kva som er årsaka til at entreprenørbedrifta no er i gang med å slanke staben. Berge vil ikkje konkretisere kor mange som har fått oppseiing, men talfestar det til under ti personar.

For stor administrasjon

Hovudtyngda av dei som må gå er tilsette i administrasjonen.

– For å handtere ein del store prosjekt har vi hatt ein administrasjon som er større enn det vi vil ha behov for i tida framover, seier Berge.

Produksjonen går heller ikkje klar oppseiinga, men Berge meiner det ikkje er noko dramatikk i det som no skjer.

– Vi tilpassar oss marknaden, enkelt og greitt, seier han.

Oppe i over femti

Ordresituasjonen framover vil ifyglje Berge vere grei etter tilpassinga dei no har sett igang.

Før tilpassinga starta hadde Aurvoll og Furesund om lag førti personar på lønningslista. Medrekna innleigd arbeidskraft har aktiviteten i bedrifta, som har basen sin på Mjølstaneset, halde over femti personar i arbeid.

Berge seier at situasjonen som herøyentreprenøren no opplever er veldig generell for bransjen.

– Dette er noko ein merkar over heile landet, men kanskje ekstra sterkt her på Ytre Søre, seier han.

Raude tal

Aurvoll og Furesund har slite med å få lønsemd den siste tida og fekk i 2017 eit resultat på berre vel 300.000 kroner av ei omsetning på over 100 millionar kroner. Året før gjekk drifta med 5,5 millionar kroner i minus, og etter det vi har grunn til å tru vil også 2018 vise raude tal.

Beste året var 2015 då selskapet hadde eit positivt resultat på 7,7 millionar kroner.

Berge ønskjer ikkje å kommentere kor vidt tala for 2018 har påverka nedbemanninga.

– Rekneskapen er ikkje ferdig, så dette kan eg ikkje kommentere, seier han.

Mudringa av Gjerdsvika hamn og utbetringa av Skarabakken er mellom prosjekta som Aurvoll og Furesund for tida er i gang med.