Bergsøy-duoen hadde med seg A-lagstrenar Tommy Malins på samlinga som fann stad i Trondheim. Og engelskmannen blei imponert av det gutane viste.

– Begge spelte fantastisk, og viste fram klubben vår på ein fin måte. Eg trur faktisk ikkje folk er klar over kor høgt nivå det er på fylkeslagssamlingane, seier Malins.

Han kan fortelje at Vegard Håheim Elveseter scora eit mål for Møre-laget, medan keeper Julius Zahl Jarnes spela ein omgang i begge kampane.

Møre-laget imponerte og vann begge kampane mot Trøndelag. Først med 4–0 og deretter med 4–1.