Dette er tilrådinga i ei ekstrasak som fylkesrådmannen legg fram på fylkesutvalet sitt møte komande mandag. Utvidinga gjeld den resterande strekninga av gangvegprosjektet på 117 meter fram til Hennabakken mot Fosnavåg sentrum.

Utvidinga skjer etter oppmoding frå kommunen, og for å kome kommunen i møte tilrår fylkesrådmannen ein modell der fylkeskommunen tek opp lån til utvidingsprosjektet mot at fylkeskommunen får igjen pengane gjennom eit fast årleg tilskot frå kommunen.

Dette er den same modellen som vert nytta for dei kommunale bidraga til Nordøyvegen.

Hastesak

Den totale kostnaden med utvidingsprosjektet er rekna til 4,4 millionar kroner. Det er tidsfristane som gjer at saka no blir framlagt som ekstrasak der fylkesutvalet nyttar hasteparagrafen til å gjere endeleg vedtak.

Tidsfristane er no så knappe at det ikkje er muleg å vente til fylkestinget si samling i april, skriv fylkesrådmannen.

Kommunen ønskjer at gjeldande kontrakt med entreprenør skal nyttast til utvdinga.