På førre møte i formannskapet vart det orientert om arbeidsavtalen kommunen er i ferd med å inngå med den nye rådmannen.

– Vi har vore under ein million kroner tidlegare, men arbeidsgruppa som har jobba med saka gjekk inn for ein avtale med slik storleik på løna. Lønsnivået har med tidlegare jobbar og konkurranseforhold å gjere, kommenterte ordførar Dag Vaagen (H) då arbeidsavtalen kom til drøfting.

Arnljot Muren (AP) var også i utvalet som forhandla med Aglen. Han følgde opp med å slå fast at det ville vere feil om ein ny rådmann gjekk ned i løn i høve til tidlegare jobb.

– Det finst også døme på lønsnivå på 1,2 mill. kr for ein slik jobb, sa Muren.

Årsløna for Aglen er fastsett til 1.100.000 kroner.

Ingen i formannskapet hadde noko å utsetje på arbeidsavtalen. Bjørn Flatøy (Sande Vest) signaliserte at han ser fram til at kommunen får ny rådmann.

Planen er at Aglen, som kjem frå ei leiarstilling i politiet, skal ta til i stillinga som rådmann i Sande kommune frå 18. mars.