– Årsaka er at vi må bygge om for å kunne skrive ut dei nye ID-korta og den nye passtypen, seier lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen til Vikebladet Vestposten.

På Søre Sunnmøre er det berre lensmannskontora i Ulsteinvik og Ørsta som skriv ut pass. Difor må du no heilt til Ålesund om du treng nytt pass dei neste vekene.

– I verste fall blir det tre veker. Men eg håper arbeidet er ferdig raskare enn det. Arbeidet på lensmannskontoret går sjølvsagt som vanleg når det gjeld etterforsking og patruljering, seier Pettersen til avisa.

Også lensmannskontoret i Fosnavåg er for tida stengt, men lensmann Tor Sæther er tilgjengeleg på Herøy rådhus kvar torsdag.