For dei tilsette ved Myklebust Verft knyter det seg ekstra spenning til at resultatet for 2018 blir lagt fram. Resultatet er avgjerande for kor lenge dei må vente på å få tilbake pengane dei lånte bedrifta då det var økonomisk krise i Kleven-systemet.

– Etter det som var skrive i avtalen, skulle lånet tilbakebetalast i 2019, eller så snart økonomien tillet det.

Det seier Ove Olsen, som er hovudtillitsvalt i Fellesforbundet ved Myklebust Verft. Olsen reknar med at lovnadene vil halde seg oppe, og håper på positive tal når rekneskapen blir framlagt innan sommaren.

Trekte i løna

Avtalen gjekk ut på at dei tilsette skulle hjelpe bedrifta gjennom eit trekk på fire prosent av netto løn over ein periode på 18 månader. Etter ei tid med innbetaling blei avtalen kansellert, noko som skjedde i samband med at Kleven fekk nye eigarar.

Rundt 24 millionar

Tilsvarande avtale blei inngått med dei tilsette ved Kleven Verft. Olsen har ikkje det nøyaktige talet, men meiner det for Myklebust sin del dreiar seg om rundt 150 tilsette. Ordninga omfattar dei som var tilsette då avtalen blei underskriven, og som framleis er tilsette når lånet skal tilbakebetalast.

– For Kleven og Myklebust ville det til saman ha dreia seg som om rundt 24 millionar kroner viss vi hadde blitt trekte over heile 18-månadersperioden. Men sidan vi slutta å betale i sommar blir beløpet noko mindre, seier Olsen.

Summen som kvar tilsett skal ha utbetalt meiner han ligg på rundt 15.000 kroner.

– Vi hjelpte bedrifta i ei alvorleg krise, og dei tilsette forventar tilbakebetaling når øko- nomien er komen på plass igjen, seier han.

– No går det i alle fall veldig bra her, legg Olsen til.

Umuleg å svare

Dagleg leiar ved Myklebust Verft, Inge-Jonny Hide, kan ikkje love noko, og meiner det per i dag er heilt umuleg å svare på kva tid dei lånte pengane kan tilbakebetalast.

– Vi håper sjølvsagt at 2018-tala skal vere positive, men det er framleis langt igjen til vi eventuelt får det stadfesta, seier Hide.