I forkant av førre sesong inngjekk Bergsøy eit samarbeid med Tjørvåg og Gurskøy om eit felles damelag på seniornivå. Dette samarbeidet vil halde fram også denne sesongen, sjølv om laget no berre heiter Bergsøy.

Førre veke vart divisjonsoppsett og terminliste klart, og vi ser at Bergsøy er eit av åtte lag. Dei andre er Spjelkavik, Valder, Stranda/Sunnylven, Hødd 2, Ørsta, samt MSIL og Ravn som begge planlegg å spele «niar-fotball».

Startar heime mot Ørsta

For Bergsøy-damene sin del byrjar sesongen med heimekamp mot Ørsta torsdag 2. mai.

Ein kan elles sjå av terminlista at dei aller fleste kampane vil bli spela på torsdagar.

Serien tek sommarferie frå 20. juni til 22. august, og blir avslutta 17. oktober. Kvart av laga vil då ha spela 14 kampar.

Synne Dale Ryan held fram som hovudtrenar denne sesongen, og har også fått med seg Thomas Spiro som assistent.

Laget har vore litt i beit for spelarar og er difor stadig på jakt etter jenter eller damer som vil spele fotball.