– Styret har avgjort at eg står øvst, og Kari er nummer to, seier listetopp Bjarne Kvalsvik.

Treng underskrifter

Sjølv om lista no er eit faktum, er ikkje alle formalitetar på plass før Uavhengig valliste for Sunnmøre stiller til val igjen:

– No har vi ein månad på oss til å skaffe 500 underskrifter frå folk som ynskjer at vi stiller liste igjen. Her håpar og trur vi på hjelp i lokalsamfunnet. For vi veit at vi har mange vener og sympatisørar, seier Kvalsvik til Vestlandsnytt.

Uavhengig valliste for Sunnmøre har hatt éin representant i fylkestinget i inneverande periode, etter at Kvalsvik og Torleiv Rogne braut ut frå samarbeidet frå den splitta Sunnmørslista. Det i form av Kvalsvik sjølv, som dermed har to periodar bak seg i samferdselsutvalet. Det er dit han siktar seg igjen.

– Mykje har skjedd, og meir er på gang

– Mykje har skjedd på Søre Sunnmøre etter at eg vart med. Vi snakkar om gangvegar, ferjekaier og anna. Og meir er på gang. Eg er klar for ein ny fireårsperiode om veljarane vil ha meg inn, seier Kvalsvik.

Han seier oppslutnaden om Uavhengig valliste ved førre fylkestingsval var særskilt stor i Herøy, Sande og Vanylven.

Utanom dei to frontfigurane, finn vi fleire kjende namn frå regionen vår. To av dei er Bernt Brandal og Kristian Fuglseth frå Hareid. Dessutan Petter Gunnarstein, Kjell Runde, Lise Indreeide Kvalsvik og Roger Gjerde.

Her er listeframlegget til Uavhengig valliste for Sunnmøre:

1. Bjarne Kvalsvik, Herøy

2. Kari Ristesund, Sande

3. Bernt Brandal, Hareid

4. Olav Sindre Roald, Giske

5. Henny Berit Sætre, Ørsta

6. Aina Marita Haram Hauge, Ulstein

7. Oddvar Sørdal, Vanylven

8. Sindre Olav Kvangarsnes, Volda

9. Asgeir Nogva, Ålesund

10. Tore Tenfjord, Ørskog

12. Sigmund Båtnes, Sula

13. Isabella Pareliussen, Haram

14. Kristian Fuglseth, Hareid

15. Roger Gjerde, Ulstein

16. Lise Indreeide Kvalsvik, Herøy

17. Torbjørn Hjelle, Volda

18. Astrid Aherens, Haram

19. Kjell Runde, Herøy

20. Ingunn Pettersen, Herøy

21. Aud Oddrun Grimstad, Hareid