Når den vanlege mann og kvinne møter det store offentlege maktapparatet og kjenner seg urettvist behandla, er det bortforklaringar som dominerer.

Utan at vi merka det var det eit lyst hovud som fann på eit omgrep som kan nyttast i alle kinkige situasjonar; Nemleg å legge seg flat.

I dag legg folk seg berre flate når dei har gjort urett mot nokon, dei ber ikkje om orsaking.

Dersom det er skikkeleg gale legg folk seg paddeflate, og ber til høgare makter om at bråket skal gå over. Men det er berre ord, ingen er tøff nok til bokstaveleg tala å legge seg flate, og ligge ei stund. Tenk om vi ein dag såg Erna Solberg og Jonas Gahr Støre liggande kinn mot kinn, flate på rygg i Frogner-parken. Det hadde vore noko å dele på Fjesboka.

Alle menneske gjer feil, både i privatlivet og i arbeidet sitt. Dei som ikkje gjer feil, gjer ikkje noko anna heller. Av og til råkar feilen enkeltmenneske, og det er på sin plass å be om orsaking, men det skjer nesten aldri når store private og offentlege institusjonar er innblanda. I privatlivet skjer det nok oftare at folk ber om både orsaking og tilgjeving.

Når dei som har gjort feil blir pressa av media til å kome med eit svar, er svaret ofte om lag slik: «Vi legg oss flate, men det ligg mykje læring i dette, og vi vil sjølvsagt gå gjennom alle våre rutinar på nytt» God dag mann økseskaft.

Fleire og fleire brukar diverre nytale for å fråskrive seg ansvar. Eller som Ludvig i Flåklypa ville ha sagt: «Ansvar, det e fali det».

Verst er det når fleire departement eller direktorat er innblanda i ei sak. Då får vi ei reprise på barneleiken «Ta den ring, og la den vandre: «Ta den sak og la den vandre, frå den eine, til den andre. Saken er skjult, den synes ei, nettopp nå er saken hos deg»

På den måten kan folk med makt halde oss med godt prat lenge. Det er rett og slett så mange om ansvaret at dei tek livet av det. Til sjuande og sist må dei kanskje motvillig sende ein godt skulert informasjonssjef ut blant kamera og mikrofonar. Det viser seg ofte at den arme kvinne eller mann som skal drive brannsløkking, har eit kort og innøvd svar: «Vi har sett i gang ei intern gransking, og før den er ferdig, ynskjer vi ikkje å kommentere saka» Hurra.!! Det finst svært mange andre smarte metodar for å sleppe å svare, dei fleste er i bruk nesten dagleg.

Det er mange skipperar i denne avisa sitt dekningsområde, og dersom ein av dei køyrer båten på grunn, er det ingen tvil om kven som har ansvaret.

Det er ikkje mykje hjelp i å kome med ein slik uttale: «Eg legg meg paddeflat, men det ligg mykje læring i å grunnstøyte, eg vil gå gjennom alle sjøkarta mine på nytt.»

Ein slik uttale ville sendt den stakkars skipperen inn i ein offentlege gapestokk, kanskje ville navigasjonspapira hans ryke. Kanskje hadde han hatt ein sjanse dersom han stod på brua på fregatten «Helge Ingstad» Dei har allereie starta med å fråskrive seg ansvar, dei seier at dei trudde den store tankbåten var land. Det er i tilfelle første gang land har bevega seg vestover med 7 knops fart.

Eg veit at eg ikkje greier det, men eg ynskjer dette omgrepet «å legge seg flat» dit peparen gror. Eg ynskjer at folk skal vere rakrygga å ta ansvar og seie orsak til folk, eller be dei om tilgjeving. Det er ikkje sikkert dei lærer det på universitetet, men vi lærde det på søndagsskulen.

Dersom eg skuldar det offentlege nokre kroner er det lite håp for meg om eg sender eit kort brev: «Eg legg meg sjølvsagt paddeflat fordi eg ikkje har betalt restskatten, eg vil no gå gjennom alle mine rutinar på nytt, og om ynskjeleg granske saka. Eg vil ikkje gje ytterlegare kommentarar om saka på det noverande tidspunkt».

Ha ein oppreist fredag!