Ronja Storm byggast for Sølvtrans som skal leige ut brønnbåten til Huon Aquaculture i Tasmania utanfor Australia. Med sine 116 meter er denne båten mykje lenger enn andre brønnbåtar. Det er heller ingen andre skip i verda som har så stort anlegg for produksjon av ferskvatn. Kvar døgn kan båten produsere 16, 8 millionar liter ferskvatn. Båten kan dermed dekke døgnforbruket av ferskvatn til 100.000 gjennomsnittsnordmenn, hevdar Havyard i ei pressemelding.

Også når det kjem til kapasiteten på fisketankane som brukast til behandling og frakt av fisk, er brønnbåten i si eiga klasse. Kapasiteten er nesten dobbelt så stor som det som er vanleg på brønnbåtar. Ingen andre har fire fisketankar og ingen andre kan laste 1000 tonn fisk på ein time. Det er 3.300 store laks per minutt. Det er behova knytt til frakt og behandling av fisken som krev dei store dimensjonane.

Båten er til slutt den fyrste brønnbåten som tek i bruk likestraumsanlegg.

Ein gigant på alle område

Seniordesignar i Havyard Design & Solution, Kjetil Myren, har følgjande kommentar til prosjektet.

- At Ronja Storm er verdas største, handlar ikkje berre om fysiske storleik. Det som har vore i fokus er skånsam og sikker handtering av store mengder fisk, og det har kravd utvikling av nye løysingar og utstyr. Kunde og sluttbrukar har utfordra oss ned til minste detalj, og resultatet er at Ronja Storm blir ein gigant på alle område.

Lasse Stokkeland, dagleg leiar ved Havyard Ship Technology, peikar på verftet sin erfaring med bygging av brønnbåtar og seier dei er klare.

- Vi har førebudd oss lenge, og både i planlegginga og i byggearbeidet dreg vi nytte av at dette er eit komplett Havyard-produkt. Vi har full tilgang til kompetanse på alle felt både når det gjeld design, sjølve fiskehandteringsutstyret og kraft-systemet og automasjon.

Produserer eige ferskvatn

Laks må behandlast og fraktast mange gongar gjennom livssyklusen, og bading i ferskvatn er ein effektiv og miljøvennleg metode. Dette er metoden som skal brukast om bord i båten og dei vil produsere eige ferskvatn.

- Dette gjer behandlinga meir berekraftig. Du slepp å bruke naturleg ferskvatn, som er eit knapt gode, du slepp å bruke tid og brennstoff på å hente det, og du slepp å reinse det. Vatnet blir sjølvsagt også brukt oppatt.

Sølvtrans, nøgde med prosessen.

Roger Halsebakk, dagleg leder i Sølvtrans, seier dei så langt er veldig fornøgd med prosessen og samarbeidet med Havyard.

- Dette blir ein fantastisk båt i Sølvtrans si flåte, og Ronja Storm bekreftar at Sølvtrans er i forkant av utviklinga av ny kvalitet for å vareta kvalitet, fiskevelferd og miljø for oppdrettsnæringa.