– Silda er no så laus på rogna at det ikkje kan vere mange dagane igjen til gyting, seier Roy Are Skår på herøybåten Jøkul.

Det er no ei veke sidan dei fyrste fangstane blei tekne på Buagrunnen sør for Kristiansund. Der står silda framleis, og det ser ut som om ha slege seg til ro på Nordmøre. For kvar dag som går minkar dermed sjansane for at det skal bli noko gyting på Goksøyrvika denne vinteren.

Skår fortel at det stod mykje sild på eit lite område då dei var på Buagrunnen og kasta onsdag.

– Vi registrerte bra tette konsentrasjonar, men kor mykje sild det er i det store og heile kan ikkje eg svare på, seier Skår.

Kjempekast

Samlinga på silda gjorde at Jøkul fekk seg eit kast på heile 750 tonn, eller ein god del over båten sin eigen lastekapasitet. Skår fortel at dei etter at dei sjølve hadde forsynt seg med halvparten, blei resten av kastet pumpa over i andre båtar i området.

Med dette kjempekastet kan Jøkul sette punktum for sesongen, men dei kan også gjere seg ein sving til.

– Vi har framleis hundre tonn igjen av kvoten, men det er ikkje meir enn vi kan flekse over til neste år, seier Skår.

Stor aktivitet

Onsdag blei ein av årets beste fangstdagar med vel 8000 tonn samanlagt fordelt på eit trettitals båtar. Fosnavåg Pelagic kjøpte sju av fangstane og sikra seg dermed vel 1500 tonn denne dagen.

FOSNAVÅG: Fosnavåg Pelagic sikra seg 1500 tonn av dagsfangsten på Buagrunnen som var på vel 8000 tonn.