Håpet til Sande kommune er at det frå 2025 vil vere to nyare ferjer som også går heile året. I åra 2022, 2023 og 2024 vil ferje nummer to etter signala frå fylkeskommunen trafikkere berre i sommarhalvåret.

– Fylkeksommunen signaliserer at ein treng tid før ein har fått bygd om ferjekaiene. Dette på grunn av den økonomiske situasjonen, seier ordførar Dag Vaagen (H). Han, varaordførar Anne-Marte Beitveit og rådmann Oddbjørn Indregård var nyleg på møte med fylkeskommunen.

Tema for møtet var den komande nye anbodsprosessen.

Opsjon til 2025

Norled sin kontrakt på firkantsambandet går ut ved årsskiftet 2021/22. Men det ligg inne ein opsjonsklausul i kontrakten, og denne vil truleg føre til at Norled får drive vidare til 2025.

Fylkeskommunen opna tidlegare i haust for å planleggje for ei innføring av ferje nummer to i Larsnes-sambandet frå 2022. Den andre ferja skal etter planen gå berre sommarhalvåret, og då utelukkande strekninga Larsnes-Voksa-Kvamsøya. Altså blir ikkje Åram med i denne ruta.

– Vi er opptekne av frekvensen. Her er fylkesvegen i praksis stengd med to timar mellom kvar gong han opnar, sa Vaagen då saka vart lufta i formannskapet denne veka.

Oddbjørn Indregård følgde opp:

– Vi ser at hovudtyngda av reisande på dette sambandet går mellom Larsnes og øyane, altså internt i Sande. Når det gjeld trafikken mellom Hareidlandet og ytre Nordfjord, er det Årvik-Koparnes som er hovudsambandet, sa rådmannen.

Spørsmålet no, er kva som skjer etter 2025. Ei moglegheit er at det vert sett inn ei større ferje, med kapasitet på til dømes 50 bilar, og at ein går tilbake til dagens situasjon med berre ei ferje.

Utfordringa er frekvensen

Kommunen ynskjer at ordninga med to ferjer frå 2025 kan halde fram, og utvidast.

Som nemnt er det frekvensen, med avgang berre to timar i døgnet, som er utfordringa. Vi ser føre oss at vi kan halde fram med to ferjer, heile året, frå 2025. Då vil vi få timesavgangar internt i kommunen, seier ordførar Dag Vaagen i etterkant av tysdagens formannskapsmøte.

I formannskapet slo også varaordførar Anne-Marte Beitveit (Sande Vest) fast at det er den noverande frekvensen som er den store hemskoen på sambandet.

Arnljot Muren (Ap) minna om at det er viktig at dette vert ferjer som er godkjende for fartsområde 3, som strekninga set krav om.

I innspelet til anbodsprosessen peiker Sande kommune på at hovudtyngde av trafikken på sambandet går mellom Larsnes og øyane i kommunen. Det ligg ei forventing frå kommunen om at ruteplanen og frekvensen speglar dette faktumet.

Det vert elles sett krav om at fartøya i ruta vert universelt utforma, og at ferjene må ha ein god miljøstandard etter gjeldande fartsområde.

Kommunen vil no vende seg til brukarar, inkludert grendelag og næringsinteresser, for å få eit best mogleg grunnlag for den vidare dialogen med fylkeskommunen.

På formannskapet vart det også poengtert at næringslivet i ytre har krav på gode samband.

– Aktiviteten er stor, og aukande, og her er det viktig at fylkeskommunen kjenner si besøkelsestid, sa Vaagen.

Sambandet har i mange år vore drifta av Norled og den i dag 42 år gamle bilferja Kvam. Det er ni faste turar innover kvar dag, og altså rundt to timar mellom kvar av desse. Og ni faste avgangar utover. Unntaket er laurdagar. Då er det åtte turar. I tillegg har ruta ei ordning med bestillings-nattrute utanom natt til måndag.