Tommy Malins har gjort si første signering som Bergsøy-trenar. Roald Runde (24) er tilbake i klubben etter å ha spela for tredjedivisjonslaget Spjelkavik i fem år.

Runde spela for Bergsøy gjennom heile ungdomstida, og noterte seg også for tre kampar for A-laget tilbake i 2013.

Før 2014-sesongen melde han overgang til Spjelkavik der han utvikla seg til å bli ein målfarleg og hurtig angrepsspelar.

I 2018 noterte han seg for ni scoringar på 28 kampar for «Vika».

Tommy Malins er godt nøgd med si første signering.

– Det er fantastisk å ha Roald tilbake i klubben. Vi har vore i kontakt med han ei stund, og det er godt å endeleg få den første signeringa på plass. Eg trur Roald vil vere ei stor forsterkning for oss, og så er det ekstra kjekt at han er ein lokal gut, seier Malins.

Like positivt er det ikkje at Runde slit med ei skade.

– Han slit med ein ankelskade, men vi håper å få han tilbake på bana veldig snart, seier Malins.

Runde som nettopp har byrja på lærarutdanninga i Volda har signert ein tre års kontrakt med Bergsøy. Som ein del av avtalen skal han også bidra på klubbens AFO-ordning, der han vil få nyttig trenar- og lærar-erfaring.