Resultata går fram i ei pressemelding torsdag morgon. Fjerde kvartal 2018 viser eit resultat før skatt på 121 millionar kroner.

Ferjekontrakter sikra bra år

Oppstart av nye ferjekontraktar er ein av grunnane til at selskapet sikrar eit godt resultat i 2018. Det er signert kontrakt for drift av tre store anbodskontraktar i Møre og Romdal i 2018.  Romsdalspakken og Indre Sunnmøre-kontrakta har ei varigheit på 14 år, medan Nordmørspakken er på 10 år med oppstart 1.1.2020. Den samla verdien av kontraktsporteføljen til selskapet er 22 milliardar kroner. Fjord1 starta også verdas første heilelektriske samband på Anda-Lote.

- Dei nye anbodskontraktene set krav til låg- eller nullutslepp og miljøvennlege fartøy, og vi er godt i gong med å elektrifisere flåten vår. I 2018 tok vi imot sju el-nybygg, og ved oppstart av nye kontraktar i 2020 vil Fjord1 ha nærmare 30 elektriske fartøy i drift. Frå 2020 er det oppstart av fire store kontraktar der ytterlegare ni samband inngår i tillegg til dagens samband, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland i ei pressemelding.

Reiselivssatsinga med NSB

I fjor annonserte Fjord1 nyheita om at dei har inngått ein intensjonsavtale med NSB-konsernet om etablering av eit felles nasjonalt reiselivsselskap. Målet er å tilby miljøvennlege reiselivspakkar over heile Norge, utvikle nye turistdestinasjonar og bidra til heilårsturisme.

- I 2019 og framover skal Fjord1 fortsette å ha rolla som det leiande selskapet i ferjenæringa, gjennom brei erfaring frå ferjedrift, stor fleksibilitet i flåten og miljøvennlege investeringar. God, sikker og effektiv drift, saman med nasjonal reiselivssatsing vil vere heilt sentralt i åra framover, seier Neteland.

Avtale med Fjordkraft

Tidlegare denne veka blei det også klart at Fjord1 hadde gått inn i ein avtale med Fjordkraft om kjøp av straum og forvaltning av straumavtaler til bygg og ferjer frå 2019.