Ein statistikk sendt ut av Kunnskapsdepartementet viser at 19 lærarar eller 41 prosent av dei som underviser i engelsk på grunnskulenivå i Herøy kommune manglar tilstrekkeleg fordjuping. Også tala for norsk (8 lærarar, 12 prosent) og matematikk (11 lærarar, 19 prosent) viser at ein del av lærarane i Herøyskulen treng meir kompetanse.

Tilsvarande tal for Sande kommune viser at det i Sande berre er éin lærar (7 prosent) som treng meir kompetanse i engelsk, samt tre lærarar i både norsk og matematikk, noko som svarar til 13 og 14 prosent. Når det gjeld kompetansekrava i engelsk er det berre Hareid (4 prosent) og Halsa (0 prosent) som kan vise til betre tal. Også Vanylven kommune kjem godt ut i undersøkinga. Der manglar to lærarar nødvendig kompetanse i engelsk (9 prosent), fire i matematikk (13 prosent) og to i norsk (6 prosent).

Ser ein på fylkesstatistikken, viser den at Sande sine tal er svært gode, medan også Herøy sine er brukbare i norsk og matematikk. I engelsk skårar derimot lærarane i Herøy dårlegare enn fylkessnittet. I fylket er det nemleg 515 lærarar som manglar nødvendig kompetanse til å undervise i engelsk (36 prosent), 535 i matematikk (28 prosent) og 400 i norsk (19 prosent).

– Gode lærarar

Kommunalsjef oppvekst i Herøy kommune, Sølvi Lillebø Remøy, forsikrar om at lærarane som underviser i Herøyskulen er dyktige i faga sine.

– Alle tilsette lærarar i Herøyskulen har godkjend lærarutdanning. Men det er ikkje gjort over natta å syte for at alle som underviser i høvesvis norsk, engelsk og/eller matematikk, tilfredsstiller dei nye nasjonale kompetansekrava. Derfor bestemte Stortinget at ein skulle få 10 år på seg, til 2025, til å innfri krava. Mange av lærarane våre har også lang erfaring og er dyktige i faga dei underviser i. Det er viktig å presisere at ein kan vere ein god lærar sjølv om ikkje alle studiepoenga i faget er på plass, seier Lillebø Remøy.

Elevane skåra svakare i fjor

Resultata av dei nasjonale prøvene hausten 2018 viste elles at elevane på 5. trinn i Herøy kommune gjorde det vesentleg dårlegare i engelsk enn tidlegare. Skulesjefen trur likevel ikkje at det er samanheng mellom den manglande fordjupinga til lærarane og det faktum at elevane leverte dårlegare resultat.

– Vi kan ikkje seie at der er ein direkte samanheng mellom resultata i engelsk og studiepoenga lærarane har i faga. Resultata kan svinge, og det er ofte små marginar på små skular, meiner Lillebø Remøy.

Krav til fordjuping frå 2025

Frå skulestart i 2025, blir reglane rundt fagleg fordjuping strengare. Alle lærarar som skal undervise i engelsk, matematikk og norsk på barneskulenivå må då ha minimum 30 studiepoeng i desse faga. For å undervise i dei same faga på ungdomsskulenivå er det frå 2025 av krav om minst 60 studiepoeng.

Lillebø Remøy er fullt klar over dei nye krava, og har dei blant anna i tankane under tilsetjingsprosessen av nye lærarar.

– Kvart år har vi fleire lærarar som tar vidareutdanning, anten i den nasjonale ordninga eller nettbasert på eige initiativ. I desse dagar søker lærarar om å få vidareutdanning for komande skuleår, og Herøy kommune kjem også denne gongen til å godkjenne at lærarar får permisjon for å ta vidareutdanning, primært i norsk, engelsk og matematikk, jf. kvalifikasjonskrava. I samband med rekruttering av nye lærarar, som vil skje no framover våren, er det også krava som gjeld frå 2025 vi har i tankane og som gir prioritet ved tilsetjing, seier kommunalsjefen.

Variabelt over heile landet

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) seier i ei pressemelding at graden av kompetanse er variabel i heile landet, og han krev no at kommunane prioriterer vidareutdanning.

– Kommunane må ha klare kompetanseplanar for korleis dei skal sørge for at lærarane får nok fordjuping innan 2025. Då må dei prioritere vidareutdanning. Nokon kommunar gjer allereie ein god jobb, medan andre kan bli betre, seier Sanner.

Han ber foreldre tenke over kva lokalpolitikarane har tenkt å gjere for å sikre at skulane har gode nok planar for vidareutdanning av lærarar, når dei går til vallokalet under kommunevalet i september.