– ¡Chicos, muy importante! Poquito sal, ¿sí?

Spansklærar Pilar Moltu roper ut instruksjonar til ein gjeng arbeidslystne niandeklassingar i skulekjøkkenet på Ytre Herøy ungdomsskule.

Ved kvar av dei fire kjøkkenøyane i rommet, står like mange elevar, i full sving med å blande saman ingrediensar til ein ekte meksikansk salsa. Det skal bli tilbehøyr til quesedillasane dei snart skal steike til «frukost».

Har spansk fordjuping

Niandeklassingane på skulekjøkkenet denne måndagsmorgonen valde spansk som fordjupingsfag då dei byrja i åttande klasse. Det skal dei halde fram med heilt til dei er ferdige på ungdomsskulen, ja kanskje endå lenger. Som regel føregår undervisninga i klasserommet. Men no har læraren funne på noko nytt.

– Eg ville prøve noko tverrfagleg. No får elevane ha praktisk undervisning i matlaging, samtidig som dei lærer litt spansk og litt om den meksikansk kulturen, forklarer Pilar, som har sett små meksikanske flagg på kjøkkenbenkane for anledninga.

– Forstår alt

– Det er kjekt med denne typen undervisning. Vi forstår alt Pilar seier. Eg lærer mykje meir no enn eg gjer av å sitje med nasen i ei bok i klasserommet, seier Sondre Steinsvik, medan han let tresleiva fare mellom finhakka lauk, tomat og fersk koriander i ein glasbolle. No gjenstår berre safta av ein lime, litt chilli og salt.

Pilar kjem rundt til gruppene med ein boks grøn chilli i handa.

– ¿Cuanto chile? ¿Mucho o poqioto? (Kor mykje chilli, mykje eller lite? red. mrk).

Dei fleste svarer poquito, for å beskytte sine norske ganar – og tunger ...

Tortilla og gräddost

– Ahora (no, red. mrk) skal vi lage quesedillas, instruerer Pilar.

Kvar gruppe finn fram ei steikepanne og legg ei tortillalefse oppi.

– Når tortillaen er varm: legg han på eit fat. Legg ost på, og legg ein tortilla til oppå, som ein sandwich, forklarer læraren.

Elevane bruker gräddost, ettersom smaken minner om den osten ho ville brukt til quesedillas i Mexico.

Det er ikkje fritt for at nokre ostebitar finn vegen inn eit og anna matklart tenåringsgap.

Velbekomme!

Det duftar godt i skulekjøkkenet. Fleire av elevane har droppa frukosten heime i dag eller åt litt mindre fordi dei visste at dei skulle få mat i andre time.

Endeleg er tida komen for å smake på den meksikanske retten: heimelaga quesedillas med salsa og ein freistande avokadobit på toppen.

Vi iakttar ei gruppe jenter i det dei målretta fører eit stykke fargerik handmaten inn i munnen.

– Var det godt, eller?

– Jaaa, utbryt Rebecca Herkedal frå den eine sida av bordet.

På den andre sida, sit Richeleen Kimberly Caillo og nikkar stadfestande med munnen full av smak.

Ei tredje jenta ved bordet, Henriette Støylen, forsikrar om at ho nok skal lage denne retten heime også.