Ein papirsekk dinglar frå taket i kjøkkenet til Bergslia barnehage i Herøy. Under står ei «prinsesse» iført blå kjole, med ein fargesprakande stokk i handa. Ho slår til sekken igjen, og der, endeleg, går det hol på sekken.

Dei nær 26 barna stimlar saman om barnehagelærar Eli Myklebust Bøe for å få seg kvar sin godtepose. Det er slett ikkje kvardagskost, men i dag er det karneval og skikkeleg fest!

Etterpå følgjer vi dei minste barna inn på avdelinga deira, der dei får nyte dei velsmakande godsakene.

Ved første augekast ser opphaldsrommet ut som eit rom i ein kva som helst barnehage, med leiker i hyllene og fargerike bilde og teikningar på veggane. Men noko er annleis ... Mange plassar – på vindauget, på veggane og på spisebordet – heng laminerte plakatar med enkle illustrasjonar. Det same finn vi over spegelen i garderoben og på badet. Illustrasjonane viser korleis ein kan seie ulike ord ved hjelp av handteikn og rørsler. Personalet nyttar seg av plakatane kvar dag – eller dei finn fram «teiknbanken» på mobiltelefonane sine medan dei er ute og går tur. Også barna bruker plakatane for å lære seg «teikn til tale», og så ser dei sjølvsagt på dei vaksne.

Ikkje berre for dei med behov

Barnehagestyrar Monica Kvalsund og resten av personalet i den vesle barnehagen vart «kasta ut» i ei ny og spennande utfordring då dei fekk inn barn med spesielle behov for 1,5 år sidan.

– Vi måtte kurse oss. På kurset fekk vi høyre at «De har eigentleg ikkje råd til ikkje å bruke teikn. De må berre stå i det; prøve og feile, seier kvalsund.

Teikn til tale er ein kommunikasjonsform der ein brukar enkle handteikn samtidig som ein snakkar.

– Metoden visualiserer talen, og den lettar omgrepsinnlæringa. Teikna er dei viktigaste meiningsberande orda. Mange av teikna er lånt frå teiknspråket, forklarer Kvalsund.

Mimikk og kroppsspråk er også viktige element for å understreke innhaldet.

I Bergslia barnehage har heile personalet blitt kursa i kommunikasjonsforma.

– Vi bruker teikn til tale i alle kvardagssituasjonar, seier Kvalsund.

Resultatet er interessant. Det viser seg nemleg at det ikkje berre er barn med spesielle behov som dreg nytte av kommunikasjonsforma.

– Det har smitta over på dei andre barna. Teikn til tale er bra for alle som held på å lære seg språk, enten det er minoritetsspråklege barn eller små barn som er i byrjinga av språkopplæringa. Når vi bruker teikn til tale, snakkar vi mykje seinare og tydelegare. I tillegg er alle barn veldig visuelle, så dei forstår oss betre når vi viser dei kva vi meiner, forklarer Kvalsund.

Vert brukt i leik

I dag er det først og fremst på småbarnsavdelinga at teikn til tale vert brukt, men dei byrjar å lære litt på 3-5-årsavdleinga med. Dei tilsette ser dessutan at barna bruker kommunikasjonsforma i leik, spesielt når dei ser at barna dei kommuniserer med har nytte av det.

– Her er også foreldre som seier at dei ser på barna sine at teikn til tale vert brukt i barnehagen, seier Kvalsund.