«For dei som ikkje allereie veit det, så er ikkje korpset oppe og går lenger. Utan rekruttering klarte vi ikkje lenger å halde fram. Veldig synd. Håper at yngre krefter kjem etter og startar opp att før det går for lang tid»

Slik innleiar mangeårige korpsleiar Gunn Helsem Leine eit Facebook-innlegg til Leine krins grendelag den 6. januar i år. Innlegget held fram:

«Elles hadde det vore kjekt om vi kunne få til eit korps til 17. mai. Mange gamle musikantar i bygda, og har du spelt før, kjem det fort tilbake om du trur du har gløymt notar ... Berre spør Arve. Men då må folk ta initiativ altso».

Stemning for korps

Reaksjonane lét ikkje vente på seg. Nokre melde seg sporenstreks, medan andre sette i gang med å «verve» musikantar til «17. mai-korpset». Til slutt var dei om lag 15 vaksne som kunne tenkje seg å bidra, sjølv om fleire av dei ikkje har vore borti i eit instrument på mange år.

Første øving sist fredag

– Vi byrjar berre med å blåse ut støvet.

Dirigent Tone Larsen smiler mot dei seks frammøtte musikantane i formgivingsrommet på Einedalen skule. Ein av dei er Anita Fjørtoft.

– Eg har fått tildelt eit althorn, seier ho.

Som barn og ungdom var ho innom både kornett og baryton, og for nokre år sidan trødde ho til i eit 17. mai-tog.

–Bortsett frå det, trur eg ikkje at eg har spela noko sidan eg gjekk ut av vidaregåande skule i 1999, seier ho og ler.

Heller ikkje Roy Voldsund, som har fått beskjed om å spele stortromme, har vore på ei korpsøving på lenge.

– Det var også i «19-pil og bue», humrar han, og legg til:

– Nei, det var vel på slutten av 80-talet. Eg spela stort sett tuba.

Så kva er det som skal til for at dei blir med no?

– Vi må no ha korps på 17. mai då! utbryt Anita.

Ringde Tone

Tone Larsen stiller som dirigent under øvingane.

– Eg sa ja fordi Silje (Smådal, red mrk.) spurde. Eg har alltid hatt mykje moro med henne, og ho er så flink, seier Tone.

Det er ikkje meir enn tre år sidan Silje, som spelar kornett, slutta i Herøy Brass. Ho gler seg til å spele i lag med gjengen på Einedalen.

– Alle vi som er med her har spela i korps med Tone som dirigent, nesten samtidig. Så det vert litt reunion-preg over det her, seier Silje.

Så er dei i gang

– Vi kan byrje med noko enkelt, «Gud sign vår konge god», seier Tone.

Det går smertefritt.

– Kva med «Lille Norge» då? Den er kjekk. Den står på side 19, seier Silje.

– Kva i helsike! utbryt Anita, og heile gjengen bryt ut i latter.

– De var berre ein del av instrumentet som sat fast, forklarer ho.

–Trist utan korps

Gunn Helsem Leine har site i styret til Einedalen skulekorps, og andre korps før det, i om lag 12 år.

– Eg kan ikkje hugse å ha gått i 17. mai-tog utan å ha spela, seier ho.

Ho synest sjølvsagt at det er trist at korpset har hatt så mykje fråfall at dei var nøydde til å «gå i dvale».

– Alle vil ha korps, men då må ein gjere noko for å halde på det. No er der mange nytilflytta i bygda, som vi håper at kan melde på ungane sine etter kvart. Men då er det klart at vi treng ei sterk foreldregruppe som står bak, seier Helsem Leine.

Ho oppmodar folk i bygda om å stille opp som musikantar i 17. mai-korpset.

– Det er berre å kontakte meg. Vi treng fleire, avsluttar ho.