Drammen-busette Wiik har søkt kommunen om utarbeiding av privat reguleringsplan for eit område mellom fylkesvegen og sjøen på gnr. 15, bnr. 2. Teknisk eining har gitt tiltaket positiv innstilling.

I kommuneplanen er området LNF-område, der det i utgangspunktet er byggjeforbod. Men teknisk eining syner til ein historikk på staden som dei meiner talar til fordel for søknaden:

– Eigedomen har tidlegare avgitt vesentlege areal til kyrkje, gravstad og parkeringsplass. I tillegg er den nye fylkesvegen langs fjøra slik at naustet til eigedomen ikkje lenger har tilgang til sjø, heiter det i vurderingane.

Kommunen skriv òg at søknaden om oppføring av nytt naust vart avslegen fordi naustet vart for synleg frå kyrkja.

Teknisk eining syner til at det aktuelle arealet ligg ein annan stad, og heller ikkje vert synleg frå kyrkja. Av desse årsakene har kommunen, administrativt sett, ingen særlege merknader til at det vert gitt høve til utarbeiding av privat reguleringsplan.

Det vert dessutan synt til at eventuelle merknader eller innvendingar til ein slik plan vil verte avklara gjennom oppstartskunngjering og utlegging til offentleg ettersyn.

I søknaden skriv Wiik at arealet vil verte tilrettelagt for inntil seks fritidsbustadar/naust.

Initiativtakaren varslar at noverande tilkomst til eigedomen frå fylkesveg 10 skal nyttast. Det vert synt til at det ikkje er avgrensingar i bruken av avkøyrsla, og at sikttilhøva er gode.

Ein ser også føre seg å lage ein teknisk plan for anlegget. Vatn er tenkt frå kommunalt vassverk, straum frå same grøft gjennom fylkesvegen. Det er også lagt planar for avløp/slamavskiljar. Det vert også synt til at arealet ikkje er i konflikt med fjøregrunn, då her er brådjupt.

I søknaden vert det også synt til historikken rundt naustet som vart «sperra inne» av fylkesvegen.