Rådmann Oddbjørn Indregård tilrår at kommunestyret seier ja til avtalen. Saka skal no opp til politisk behandling. Planen er ei samordning frå komande årsskifte.

Sande har tidlegare vore i drøftingar med Volda, Ørsta, Ulstein og Hareid (som høyrer inn under samarbeidet, med Volda som vertskommune, red. mrk.) når det gjeld samarbeid om barnevern. Seinare møttest administrativ og politisk leiing i Sande og Volda til nye samtalar.

Grønt lys frå Volda

Til saka vert det opplyst at fellesnemnda for nye Volda kommune (med Hornindal) hadde intensjonsavtalen oppe på møte 7. februar i år, og der vart det gitt grønt lys for å ta med Sande i samarbeidet.

Det interkommunale barnevernskontoret Sande etter alt å døme vert med i, har 42 tilsette, med hovudkontor på rådhuset i Volda.

Nav til Hareid, barnevern til Volda

Barnevernstenesta i Sande har 2,4 tilsette, og var fram til førre årsskifte samlokalisert med NAV Sande under felles leiing, – på Sande rådhus. Nav Sande har no blitt Nav Hareid-Ulstein-Sande, med hovudkontor på Hareid.

Rådmannen skriv til saka at alternativet med å drive sitt eige barnevernskontor vidare, som i dag, ikkje har vore aktuelt. Tenesta sjølv har nemleg varsla at kapasiteten må vesentleg aukast både på saksbehandling og tiltak, om det skulle vere aktuelt. Dessutan har myndigheitene pressa på for å sikre det rådmannen omtalar som «ei robust framtidig barnevernsteneste».

I staden melder han at både dei andre i barnevernssamarbeidet, i tillegg til dei tilsette i Sande sjølve, er positive til eit samarbeid med Volda som vertskommune.

– Tverrfagleg arbeid er særs viktig for det einskilde barnet i barnevernstenesta, heiter det mellom anna i rådmannen sine vurderingar.

Møte brukarane lokalt

Konkret er det planen at Volda skal vere vertskommune for barnevernstenesta i Sande. Dessutan skal brukarane i Sande kunne forvente å møte tenesta lokalt i Sande.

Samanslåinga er dessutan – av Fylkesmannen – lovd statlege styrkingsmidlar tilsvarande ei 50 prosent stilling. Dette er ei løyving for 2018.

Herøy er frå før inne i eit samarbeid med Vanylven kommune om barnevernstenester.