Torsdag 28. februar er det nemleg kalla inn til årsmøte i Sande Vest i samlingshuset Dollstun. Eitt av punkta under posten ymse, er: «Vegen vidare for Sande Vest».

Overfor Vestlandsnytt stadfestar leiar Anne-Marte Beitveit at det har vore bevegelse i saka sidan sist lokalavisa var i kontakt.

- Det har vore ei ny mobilisering for å stille liste igjen. Om ting fell på plass, kan det hende at ei liste blir meisla ut og vil vere klar relativt kjapt etter det komande årsmøtet, seier Beitveit.

Ho seier styret styret opphavleg fekk i oppdrag frå årsmøtet om å jobbe for å stille liste. Det var då ein kom fram til at det var nærliggande å kaste korta. Men:

- No har det altså vore ei utvikling, og det er klart at vi håpar på godt oppmøte på det komande årsmøtet, slik at vi har best mogleg grunnlag for å kome fram til ei endeleg avgjersle, seier Beiveit.