I førre veke blei det klart at Myklebust Verft har inngått kontrakt med AKOFS Offshore om ei større oppgradering av brønnintervensjonsfartøyet AKOFS Seafarer. Kontrakten er det største ombyggingsoppdraget verftet har vunne nokon sinne og er også det første, store prosjektet som verftet får inn i ordreboka etter at Myklebust og Kleven skilde lag.

No er det også klart at Marin Teknikk skal stå for engineeringsarbeidet i forbindelse med ombygginga. Dette opplyser dei på si heimeside.

– Vi er svært glade for å dra denne kontrakten i land. Dette er eit fint bidrag i tida vi er inne i. Det er gledeleg for oss og nok ein gong kunne samarbeide med eit lokalt verft vi har gode relasjonar til, seier salsdirektør Richard K. Gjerde til Vestlandsnytt.

– Vesentleg arbeidsmengd

Kontrakten inneber krevjande arbeid for Marin Teknikk, då ombygginga skal tilfredsstille NORSOK regelverket. Dei vil vere med gjennom heile ombyggingsprosessen på fartøyet, som etter planen skal kome til verftet i mai. Størstedelen av arbeidet frå verftet si side skal vere utført innan oktober 2019. Etter ombygginga skal «AKOFS Seafarer» inn på ei fem år lang kontrakt med Equinor, der skipet skal utføre lette brønnintervensjonsoppdrag på norsk sokkel.

– I ein utfordrande marknad er kontrakten viktig både for oss som selskap og for våre tilsette. Kontrakten vil føre med seg ei vesentleg arbeidsmengd for oss, seier Gjerde.

Marin Teknikk har designa fleire nybygg tilpassa til denne typen intervensjons-operasjonar.

Ser optimistisk på framtida

Gjerde nyttar elles høve til å kome med ein kommentar om korleis stoda er i bedrifta.

– Vi har vore gjennom ei krevjande periode og vi går ei spennande tid i møte. I 2018 byrja vi med å rekruttere nye folk, noko vi også ser på i tida framover. Alt i alt er vi optimistiske til framtida, avsluttar Gjerde.