Nett.no kunne i går melde at Fiskeridirektoratet meiner den lukka sjømerdsatsinga Torus seafarm ikkje oppfyller krava til betydeleg innovasjon. Dermed vil direktoratet heller ikkje gi utviklingsløyve for prosjektet som herøyværingane Bjørn Ove Endresen, Aasmund Torvik og Geir Sandnes var opphav til

Seinare fekk dei med seg ei gruppe investorar med viseadm. direktør Glen Bradley i Rostein i spissen.

Etter avslaget seier Bradley til Nett.no at dei no håper på politisk hjelp for å få realisert havmerdsatsinga.

– I fyrste omgang kjem vi til å anke avslaget. Dette vil så gå sin gang, men vi synest dette er eit så godt og viktig prosjekt at vi håper å få lyfta saka opp på politisk nivå, seier Bradley.

Bradley fortel at det berre har vore positive reaksjonar etter at han og medinvestorane satsa på prosjektet.

– Vi meiner vi har eit fantastisk spennande konsept, men det er tydeleg at i denne prosessen har det vore lettast å vinne fram for store aktørar som kunne brukt store summar på bistand til søknaden, seier Bradley.