Fysioterapeut i Herøy kommune, Roger Kvalsvik, har over lengre tid kjempa for framtida til Mork rehabiliteringssenter. Innspela hans har blitt lytta til blant anna i Vanylven kommune. Førre veke besøkte Kvalsvik formannskapet i Herøy, og no leverer også Herøy kommune ei uttale til ei eventuell nedlegging av Mork rehabiliteringssenter.

I uttalen står det blant anna at Herøy formannskap meiner at ei nedlegging av Mork er uakseptabelt, då dette vil svekke HMR (Helse Møre og Romsdal, red.mrk) sitt pasienttilbod med det resultat at fleire pasientgrupper med store og samansette rehabiliteringsbehov vil vere prisgitt at heimkommunen har evne og kompetanse til å gi eit forsvarleg tilbod.

– Må passe seg for å bli overkøyrd

Mykje av uttalen til Herøy kommune er basert på fysioterapeut Kvalsvik sine erfaringar, og han oppfordra om å kome helseføretaket litt i møte då han vitja formannskapet.

– Det mest kritikkverdige i prosessen er nok at det ikkje har blitt køyrt nokon form for prosess mot dei tilsette ved Mork og Aure, samtidig som det andre stadar blir gitt lovnader om både fleire tilsette og tilbod. Også tidsaspektet med å legge ned Aure hausten 2019 og Mork i 2020 er kritikkverdig. Kommunane har ingen moglegheit for å bygge opp det nødvendige for å ta over. Samtidig bør ein kome helseføretaket litt i møte, rett og slett for å kjøpe seg litt tid. Gjer vi ikkje det, blir det nok berre køyrd på vidare frå helseføretaket, meinte Kvalsvik.

Den erfarne fysioterapeuten hadde elles mykje å formidle til formannskapet, der hovudbodskapet verka å vere at helseføretaket manglar evna til å gjere eit oversyn over alle faktorar i saka.

– Kommunane vil aldri kunne erstatte kompetansen

Varaordførar Camilla Storøy (KrF) meinte ei nedlegging vil svekke tilbodet til pasientane betrakteleg.

– Dei har ein kompetanse kommunane aldri vil bli kapable til å ha. Dei er spesialistar på tidleg innsats, meinte Storøy.

Ho trekte også fram eit anna viktig element.

– Eg tenker på pasientane som blir lenger vekk frå dei som er viktig for dei. Vi har lese historier om unge menneske som treng Mork, og dei har kanskje endå større behov for å vere nære familien sin, sa varaordføraren.

Solveig Båtsvik (Frp) omtala Mork som ein «heilt utruleg plass».

– Dei har ein spesialkompetanse som du treng 24/7. Dei har også heilt fantastiske omgjevnader, om du ser på naturen rundt. Å øydeleggje eit slikt kompetansemiljø er berre heilt uhaldbart, sa Båtsvik.

– Føreseielegheit viktigast

Leiv Aarflot (Ap) meinte det viktigaste er å gi Mork trygge rammer.

– Det viktigaste er føreseielegheit. Det verste som kan skje er å gi ein institusjon ei levetid på berre eitt år, meinte Aarflot.

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) fortalde ei litt personleg historie frå ein av sine mange turar til sjukehuset i Ålesund, der Mork var samtaletema mellom han og ein av legane.

– Eg sa til han litt halvvegs på spøk: kva er vitsen med å at du held folk i livet, om vi ikkje skal gi dei eit liv etterpå?

Ordføraren runda av med å uttrykke bekymring på vegner av formannskapet, og fronta at dei sluttar seg til uttalen der dei seier seg sterkt kritisk til å legge ned eit viktig fagtilbod i Volda.

Herøy formannskap meiner at Helse Møre og Romsdal heller bør styrke dei miljøa som tilbyr spesialisert rehabilitering framfor å bygge dei ned.