– Eg har investert så mykje pengar og arbeid i denne restauranten – ja, eg har lagt heile livet mitt i den – så eg kan ikkje gi opp.

Det seier eigar og dagleg leiar Marcelina Beata Mrozowicz (32).

Det gjekk godt i starten

Kylling-restauranten opna med brask og bram i september i fjor. På opningsdagen selde dei over 230 kg kjøt. Meldingane på Facebook var start set gode, og suksessen tok av – for ein kort periode. Så skjedde det noko.

– I november fekk vi problem med ventilasjonen. Det førte til at der vart så mykje matlukt at folk ikkje ville kome inn i restauranten, fortel Marcelina.

Problemet vart utbetra, men det hjelpte ikkje særskilt på kundemassen.

– Kanskje noko av årsaka er at det vart vinter? Og så har ein del folk spurt med om kvifor eg nesten berre har kylling-rettar på menyen. Difor har eg lyst til å endre litt på konseptet, endre restaurantnamnet og få inn nokre nye tilskot på menyen, slik som kaker og polsk iskrem, forklarer Marcelina.

Åleinemor og utsliten

I vinter har restauranten gått så dårleg at Marcelina var nøydd til å seie opp alle dei tilsette fordi ho ikkje hadde råd til å lønne dei. Samtidig jobbar ho «døgnet rundt» for å få endane til å møtast. Det vert ikkje enklare av at ho er blitt åleinemor til tre barn på høvesvis 2, 3 og 9 år.

– Eg har heldigvis familie som hjelper meg med barnepass, men eg kan ikkje halde fram på denne måten. Nokre gongar jobbar eg 100 timar i veka. Førre laurdag jobba eg til dømes frå 08:00 om morgonen til 04:00 morgonen etter, seier Marcelina.

Det er nemleg i helgane inntektene kjem. Då er der også ein god del folk innom restauranten, og særleg om kvelden/natta. Elles går Takeaway-biten relativt godt.

– Men eg treng å få fleire kundar inn i restauranten, seier Marcelina.

Ønskjer å lage til «sportspub»

Gründeren er villig til å satse mykje for å møte lokale «behov» for på den måten å overleve i Fosnavåg.

– Til dømes kunne eg tenkje meg å endre interiøret, så det vert meir intimt og koseleg her, og lage til ein terrasse på sjøsida, seier ho.

Ikkje minst ønsker ho at restauranten skal fungere som ein «sportspub» på kveldstid, der folk kan kome innom og nyte ein øl eller fleire medan dei ser sport på storskjerm.

– Eg har mange idear som eg håpar å kunne setje ut i live, men då treng eg hjelp, innrømmer Marcelina.

Heilt konkret håpar ho på å finne investorar og/eller nokon som kunne tenkje seg å samarbeide med henne som ein likestilt partnar.

– Då kan vi saman utvikle eit konsept som lokalsamfunnet treng, seier Marcelina.

Alternativet er at endå ein uteplass forsvinn frå Fosnavåg, og det kan skje allereie om få veker.