– Silda har allereie begynt å bli laus på rogna, og det tyder på at gytinga er nært føreståande, seier Bjørn Erling Benjaminson på kystsnurparen Benjaco.

Kvinherad-båten var ein av dei fyrste som kasta etter at båtane fekk vêr til å gå ut etter nokre dagar med landligge. Som venta var silda komen på feltet der sildefisket på Møre tradisjonelt kjem i gang.

Står framleis djupt

Benjaminson fortel at det var bra med sild å sjå i området, og ein god del båtar, men silda stod framleis djupt og var vanskeleg å få has på.

– Laurdag var det bra med fangsting, men på dagen i går ville ho ikkje opp, fortel Benjaco-skipperen medan han låg og venta på lossetørn ved Fosnavåg Pelagic mandag føremiddag.

Dermed var det berre å melde inn dei om lag hundre tonna han hadde fått om bord etter å ha gjort tre kast natt til søndag. Silda som er komen på Buagrunnen har fin storleik, med ein snitt på frå 350 gram og oppover. Slik også med Benjaco sin fangst som vart teken i nordaustkanten av Buagrunnen.

Trur ho kjem frå vest

Benjaminson veit ikkje om han er den rette til å gi nokon eksperttuttale om kvar denne silda er komen frå, og kor langt sør ho har tenkt seg, sidan dette er fyrste sesongen deira med såpass stor båt at dei kan kaste etter sild.

– Tidlegare hadde vi ein mindre båt, som ikkje var utstyrt for kasting. Då dreiv som hjelpebåt til andre med tauing og slikt. Eg har ikkje så mykje erfaring, men det eg trur er at denne silda er komen inn frå vest, seier han.

Denne vinteren starta dei i nord og tok om lag halve kvoten der før silda forlet Kvænangen og kursa på sør. No har dei 600 tonn igjen som Benjaminson satsar på at dei skal kunne ta på her Møre.

Leite oss oppover

Så snart lossinga var unnagjort ville han gå mot Buagrunnen igjen i håp om fangstforhold før vinden frisknar igjen tysdag kveld.

– Vi reknar med vi går dit oppover igjen, men det kan hende vi går ut litt lenger sør og leitar oss oppover, seier Benjaminson.

Håper det held ut månaden

Ved Fosnavåg Pelagic var dei raskt frampå og baud på silda etter at dei fyrste innmeldingane av «møre-sild» tok til å kome. Til og med mandag middag hadde dei sikra seg fem fangstar på til saman rundt 450 tonn.

Dagleg leiar Roar Aasen håper fisket kan vare ei stund, men det vil truleg ikkje gå mange dagane før silda er i full gyting.

– Vi håper og trur vi kan halde det gåande resten av månaden, men vêr og vind rår verken vi eller fiskarane over, seier han.

Ingen krig om silda

Fangsten til Benjaco blei betalt med 4,10 kroner kiloen. Skipper Benjaminson seier han helst skulle sett dei kunne fått noko meir, men ut ifrå marknadssituasjonen tvilar han på om det kan vere så mykje meir å hente på prisen. Det trur heller ikkje Aasen som kjøpar.

– Vi måtte nokre øre over minsteprisen, og truleg er det der vi kjem til å ligge, seier han.

Aasen legg til at sjølv om det er mange som har venta på silda, er ikkje konkurransen mellom kjøparane så stor at det vil utløyse noko prispress.

– Vi opplever ikkje akkurat krig om råvarene, men det er likevel bra interesse for silda, seier han.

LEVERINGSKØ: Kvinheradbåten Benjaco sine hundre tonn var ein av fem fangstar som Fosnavåg Pelagic hadde kjøpt til og med måndag føremiddag.