Våge arbeider til dagleg som prosjektleiar i vegvesenet, men det er som privatperson – med fritidshus på øya – han har sendt ein eigen rapport til Statens vegvesen om trafikksituasjonen på Sandsøya.

Han går svært detaljert til verks i ei sak der vegvesenet no har bede kommunen om å ta opp punkta Våge nemner i rapporten.

På øya er det 80-sone over store strekningar, gjennom gardstun, ved forsamlingshus, kyrkje, fotballbane, skuleveg og andre stadar. Det er veldig smale vegar, og ingen gangvegar. Det er til tider mykje trafikk, mellom anna frå godsbilar.

– Noko må gjerast med fartsgrensene på Sandsøya. Det bør gripast tak i så snart som mogleg, for å redusere sjansane for ei ulukke. (...) Kombinasjonen med aktivitetar langs den mest trafikkerte strekninga på veg til ferja, og faren for at folk trykker hardt på gassen for å unngå to timar venting til neste ferje, er ikkje bra, heiter det mellom anna i konklusjonane til Våge.

Kommunen blir beden om å kontakte vegvesenet når ein har gått gjennom rapporten.