Forskarane melder om godt med tobis sør i Nordsjøen, men det er framleis kritisk litt lenger nord.

– På dei nordlege felta, Albjørn Ling, Nordgyden og Vikingbanken, er bestanden kritisk låg. Difor tilrår vi at desse felta heller ikkje blir opna i 2019, seier havforskar og bestandsansvarleg Espen Johnsen på Sildelaget si heimeside.

Ifylgje Johnsen, viste tokta i fjor at 2017-årsklassen var svak. Det er årets treåringar som held bestanden på eit godt samla nivå.

– 2016-årsklassen var truleg den beste sidan 1996, seier Johnsen.

Forskarane vil som vanleg kome med eit oppdatert råd i mai.