– No gler vi oss til å gjennomføre Vintertreff. Det har vore ei utruleg velvilje å spore mellom alle vi har teke kontakt med for å gjennomføre eit slikt lyft, seier primus motor Aadne Sandanger i hovudkomitèen.

Han vart sist haust kjend med invitasjonen frå Møre og Romsdal krins av KFUK/KFUM. Spørsmålet var om Ytre Gurskøen Tensing (YGTS) kunne ta på seg rolla som arrangør og vertskap for Vintertreff 2019.

– Etter at vi heiv oss rundt og fekk sondert terrenget med tanke på å gjennomføre ei slik helgsamling med masse aktivitetar, gjekk det kort tid før vi kunne seie ja. Seinare har vi møtt berre «ja, ja og ja» frå folk som har blitt spurde om å bidra, seier Sandanger.

Sjølv er han mellom dei tidlegare songarane i YGTS som seinast sist helg var med på eit gjenforeiningstreff i Gursksen kyrkje, i samband med kyrkjejubilèet der. Det vart ein storvegs konsert der unge og gamle songarar møttest i fellesskap.

– Gledeleg nok er det også mange tidlegare YGTS-arar som no er med og hjelper til å arrangere, seier Sandanger.

Fakkeltog og konsertar

Fredag 1. mars vert det fakkeltog frå skuleområdet til kyrkja, der det vert konsert. Tensing Norway kjem også til og held konsert. Til treffet kjem tensing-kor frå hele fylket, samt tensing-koret frå Stryn. Litt vêravhengig vil treffet, med 200 deltakarar, også syne att i landsbybildet på Larsnes denne helga.

– Det vert ulike arbeidsgrupper og anna gjennom heile helga. Kora skal også ha opptreden laurdag, og gruppa Ufokusert med Ludvik B. Leikanger i spissen, skal opptre. Det vert billettsal på den publikumsretta delen av Vintertreffet.

– Det er eit kjempelyft med 70-80 frivillige som stiller opp i ulike nemnder. Vi opplever også positive tilbakemeldingar i fleng frå sponsorar av ulike slag, også dei som bidreg med mat og andre varer som trengst, seier Sandanger.

Han er tydeleg på at dette vert ungdomen sitt treff, og aktivitetar på deira premissar.

– Det er berre å krysse av i kalendaren. Dette blir gøy, seier Sandanger på vegner av hovudkomitèen. Treffet skal ha sin base i skulen/Breidablik/fleirbrukshallen.