Etter sigeren over botnlaget Nøtterøy 2 på heimebane førre helg får Bergsøy litt tøffare motstand når Viking TIF 2 kjem på besøk denne helga. Men Bergsøy som er i førarsetet i kampen for opprykk, all den tid serieleiar Tjølling ikkje kan rykke opp, må reknast som store favorittar.

Søndagens gjestar frå Bergen ligg også på nedre halvdel av tabellen. Bergsøy vann også 38–26 over bergensarane då laga møttest i Haukelandshallen i november.

Men Viking TIF 2 har i det siste spela jamt med dei fleste, samtidig som dei har slått både Sotra og HK72-Sande, laga som gir Bergsøy kamp om opprykksplassen.

Derfor har Bergsøy-trenar Thomas Buchardt varsla at søndagens kamp blir ei langt tøffare oppgåve enn det kampen mot Nøtterøy 2 var.

Men samtidig kan Bergsøy-trenaren plukke frå ei fulltalig tropp, og spesielt Evaldas Grieze er tilbake for fullt etter skadeproblematikk i innleiinga av sesongen. Førre helg scora også Grieze heile 18 mål.