Det er ikkje vanskeleg å finne fram til Maritim Food (tidlegare Sandanger) i Gjerdsvika. «Følg lukta-prinsippet» fungerer fint her. På veg inn til kontoret blir vi møtt av Vegard Kalland, produksjonssjef, og Wenche Bjørkeng, kvalitetsleiar.

– Ja, her er vi i full sving. Eg vil faktisk påstå at vi har merka etterspurnaden meir no i januar enn til vanleg, seier Kalland.

– Vi er likevel vande med at det er litt meir pågang på starten av året. Det er vel rundt nyttår folk har ein tendens til å prøve å legge litt om på dietten. Det ser vi naturlegvis i produksjonen, smiler Bjørkeng.

Viktig kampanje

Men det er ikkje berre nyttårsforsetta som merkast på lokalfabrikken. Maritim Food leverer nemleg varer til NorgesGruppen, KIWI, MENY, SPAR og Joker. Her har det dei siste månadane vore gjort ein del kampanjearbeid for å få folk til å ete meir fisk, spesielt i KIWI.

– Desse kampanjane ser ut til å ha effekt. Som produsent merkar vi desse fiskekampanjane. Forhåpentlegvis er dette ikkje bere ei kortvarig effekt. Vi vil naturlegvis at fisk og anna sjømatprodukt som vi produserer skal vere eit endå fastare inventar i norske kjøleskap, forklarar dei to, som også snakkar fram folkehelseperspektivet i satsinga.

Tareburger?

Vi får etter kvart ei omvising på fabrikken der vi får sjå det som av leiarane blir omtala som ein driftig arbeidsstokk på 33 arbeidande. Under omvisinga får vi sjå litt av produkta som er i omlaup.

– Denne her er populær no for tida, seier Kalland, og plukkar opp ein pakke med skreiburgerar.

– Dette er sesongvare og vi leverte vårt fyrste parti i førre veke.

– Er der nokre nye produkt å finne frå leverandøren?

Kalland smiler:

– Ja, i fjor lanserte vi «tareburger».

Vi sendar han eit spørjande blikk, og han held fram:

– Det er som ei «fiskekake» med sukkertare i. Du finn ikkje produktet i butikkane, sjølv om vi gjerne vil prøve det etter kvart. Førebels er dette ein heller eksklusiv vare som ein må til enkelte gatekjøken og storhushaldningar for å finne.

Kutta ut mjølk og tilsetningsstoff

Bjørkeng kan fortelje at dei no har gått vekk ifrå å bruke mjølk og tilsetningsstoff i produkta sine.

– Vi ser at det har vore ynskje om ikkje å ha dette i produkta då det er fleire som ikkje toler det. Vi har derfor justert vore oppskrifter, men smaken og kvaliteten er akkurat den same forklarar ho.

Makrell i tomat i vinden

Vi avsluttar omvisingsrunden på pakkebandet for First Price makrell i tomat. Her nyttar Kalland høve til å nemne at dette produktet deira nyleg har vore i nyheitsbilete, i NRK Nordland. Her fekk dei skryt for å klare å produsere lønsamt i Norge, i kontrast til Stabburet som har flytta produksjonen til Sverige. Ein blindtest konkluderte også med at begge konkurrentane var like gode på smak.

Over budsjett

Til slutt får vi vite at det står bra til økonomisk med bedrifta. Dei leverte over budsjett i 2018.

Maritim Food Gruppen omset om lag 170 millionar kroner i Norge