Per Rune Tødenes har teke på seg å trene Bergsøy sitt G16-lag denne sesongen. Han har fått med seg Fredrik Ringstad som hjelpetrenar.

Allereie før den ordinære sesongen har kome i gang, har gutane utmerka seg både på lokalt og regionalt plan.

Sist helg gjorde dei seg ferdige med kvalisieringsrundene for spel i 1.-divisjon. Bergsøy formeleg cruisa gjennom dei tre kvalikkampane, der dei til slutt enda opp med ein målforskjell på 22–1.

Dei slo Rollon 7-0, vann heile 10–0 over Sykkylven og avslutta med 5-1-siger over SIF/Hessa.

– Det ser ut til at vi har ein jamt god tropp, men er sjølvsagt avhengige av å ha alle G16-spelarane tilgjengelege når vi skal mønstre vårt beste mannskap, seier trenar Per-Rune Tødenes i ein kommentar.

Spelarar på krets- og fylkeslag

Han reknar med at nokre frå denne troppen kjem til å spele også på juniorlaget (G19), mellom anna for å oppnå forventa utvikling. Også andre frå laget vil til tider få til bod om å trene med juniorlaget.

– Søndag prøver vi oss i treningskamp mot Hødd G16, der signala seier at dei meiner å halde nasjonalt nivå. Så det blir kjekt å sjekke korleis våre gutar står seg på Høddvoll komande søndag klokka 14, seier Tødenes.

Mellom talenta på G16-laget finn vi også nokre som har fått prøve seg i kretslagssamanheng. To av dei, Julius Jarnes og Vegard Håheim Elveseter, er no tekne ut til fylkeslaget i Møre og Romsdal, ei skikkeleg fjør i hatten både for klubben og gutane. Dei to spelar også fast på G15-kretslaget på Sunnmøre.