– Vi fekk testa mykje av det vi har trent på gjennom vinteren, og eg følte eg blei betre kjent med spelarane i løpet av kampen mot Hovdebygda. At vi spelar uavgjort mot eit femtedivisjonslag har ikkje noko å seie. Neste helg kan vi slå tredjedivisjonslaget Spjelkavik utan at det gjer oss til eit betre fotballag.

Det seier den engelske Bergsøy-trenaren etter sin første kamp med sin nye klubb. Malins er klar på at det einaste som tel i desse dagar er å bli kjend med spelarane, og deira utvikling. Spesielt er han nysgjerrig på korleis spelarane tilpassar seg den nye formasjonen, etter at Toni Sandanger stort sett alltid spelte ein klassisk 4-3-3.

– I mitt system skal vi spele ein 4-4-2-formasjon med «diamant» på midtbana. På denne måten kan vi få ein spiss ved sidan av Franjo, noko eg trur vil gjere oss meir målfarlege. Så vil vi i enkelte kampar supplere med ein type 3-5-2 eventuelt 4-3-3 alt etter kven vi spelar mot, seier engelskmannen.

– Hødd-spelarar på veg?

Tommy Malins er no klar til å gi ei oppdatering på spelarsituasjonen i laget som mange ser på som den fremste opprykksfavoritten i fjerdedivisjon.

– Vi har klart å behalde dei fleste, og er også nære ein avtale med tre-fire nye, seier Malins.

Likevel er det klart at Sveinung Tilseth Sæterås og Pijus Marcinkevicius (nesten sikkert) er ferdige i Bergsøy. «Heimebane»-stjerna Ståle Remøy Pettersen blir LGFK-keeper også i 2019.

Ein som derimot blir verande er Thomas Sætre Hauge. Malins omtalar sandssokningen som veldig motivert for å halde fram. Samtidig er assistenttrenar Frank Sverre K. Skorpen motivert til å spele vidare. Franjo Tepuric og Petter Aasen har også signert nye kontraktar.

Malins stadfestar også at det berre er underskrifta som manglar før Bergsøy kan presentere Spjelkavik-spelar Roald Runde som ny spelar. Hødd-duoen Magnus Myklebust og Steffen Moltu kan også bli å sjå i Bergsøy-trøya i år.

– Det er ingen hemmelegheit at Magnus har trent med oss gjennom vinteren. Han vil framleis vente å sjå om Hødd kjem med eit godt tilbod, men eg er optimistisk. No som det også er klart at Steffen gir seg i Hødd, så kan eg avsløre at eg har snakka med han og gjort det klart for han at vi gjerne vil ha han her, seier Malins.

Moltu spela for nettopp Bergsøy tidleg i karrieren. Men midtstopparen har også ei tett tilknyting til Gursken. Når det gjeld Magnus Myklebust så har den Herøy-busette spissen scora jamt og trutt for klubbar som Hødd, Lillestrøm og Odd gjennom karrieren, og vil nok utan tvil vere ei stor forsterkning for Tommy Malins sitt lag.

4–4 mot Hovdebygda

Sjølv om resultatet av kampen ikkje er viktig for trenaren kan vi opplyse om at Mats Knotten, Thomas Sætre Hauge og Daniel Jøsok Kvalsvik sørga for 3-1-leiing for herøyværingane ved pause. I andre omgang snudde Hovdebygda resultatet til 3-4, før Jøsok Kvalsvik ordna 4–4 heilt på slutten.

Verdt å merke seg er det at Bergsøy mangla Franjo Tepuric i denne kampen. Kroaten slit med sjukdom. Vikar for storscoraren var reservekeeper Jakob Nerland, som fort blir å sjå i ei ny rolle denne sesongen.

– Jakob har lyst å prøve seg som angrepsspelar, og eg er villig til å prøve. Han har klart seg bra på trening, og leverte også mot Hovdebygda, seier Bergsøy-trenaren.

Bergsøy: Petter Meland Aasen–Robert Alan Moltu, Espen Langlo Driveklepp, Sondre Nygård Olsen, Dani Rønnestad Hansen–Daniel Jøsok Kvalsvik, Andrius Petreikis, Mats Knotten- Jens Winsnes–Jakob Nerland, Thomas Sætre Hauge.