Tiltaket skapte stor begeistring mellom både songarar og publikum. Det vart ein humørfylt og minnerik konsert med ekte song-glede og stor innleving i det som vart framført. I nærare ein og ein halv time kunne ein heilt gløyme å fundere over korleis ein skulle kome seg heim att frå kyrkja på det glatte vinterføret som var nokre stadar. Om ein skulle hamne i grøfta, ville ein nok kunne ta også det med godt humør etter ein slik triveleg og minnerik konsert.

– Har vore her så mange gongar

Sigmund Bjerkvik innleia med at Gursken kyrkje er 100 år i år og sa at Ten Sing har lyst å vere ein del at dette jubileumsåret.

– Vi har vore her så mange gongar, i så mange år i dette huset, så vi må sjølvsagt vera med å feire kyrkja. No er vi her, dagens kor, og dei som kom fordi dei har vore her før, sa han, og heldt fram:

– Vi har vore her i fleire timar og øvd saman. Vi er eit miljø der vi syng og kosar oss. Ofte tenkjer eg at det er kjekkare å synge i kor enn å vere tilhøyrar, men i dag håpar eg det er like kjekt for de som sit i benkane som for oss som står her framme. Det kjem ei rad med gamle, gode songar og dagens Ten Sing kjem med nye songar.

Første songen var «Jeg vil gjøre mitt liv til en lovsang for deg». Deretter fortalde dirigent Sigmund litt om korleis det var å starte opp eit Ten Sing-kor på 80-talet. Det var ikkje alltid like lett for Ten Sing å få kome inn i kyrkja. Det var litt nytt med slagverk, bass og liknande.

– Men songen vi song no, er komen i salmeboka. Slik vart det!

Laila Fjørtoft Sandanger var solist under «Jeg vil gi deg, O Herre, min lovsong» og Vibeke hadde denne rolla under framføringa av «Thankful Heart». Så fekk ein høyre «Old Ship».

Sigmund Bjerkvik fortalde at nokre songar er gjengangarar, slik som andre her i huset.

– Songen vi skal synge no, «Som Et Barn Ble Du Båret Til Meg» har fylgt konfirmantar sidan 1982. Kvart kull har sunge den, og om du kan den, skal du få vere med å synge, sa han.

Ytre Gurskøen Ten Sing vart ein gong berømte. Sigmund fortalde at dei alltid kjempa med Profil i Ulsteinvik og Hareid Ten Sing om kven som var best, størst, tøffast og flottast. Det var alltid dei andre, heilt til denne songen kom.

– Då var det vi som var best, tøffast og kulast. Det var på Vintertreff i Ørsta. Vi song fletta av alle som var der, huset rista, og det var ei magisk oppleving for dei 90-95 ungdomane frå Sande å stå der framme og synge ein song som gjekk rett i sjela til dei som var der. Her kjem «Good Morning»! Den var med Ten Sing-veteran Grethe Hauge som framifrå dyktig solist. Kjellstein Knotten hadde funne fram sin trombone og spedde på med fengjande kvikke tonar under denne songen.

Medan dei «gamle» Ten Sing-songarane fekk seg ei velfortent kvilepause, overtok dagens Ytre Gurskøen Ten Sing med si avdeling. I dag består Ten Sing av om lag 30 medlemar frå heile Sande. Dei har øving kvar fredag som før, men har flytta øvingane til Larsnes kyrkje. Ten Sing likar seg svært godt i Gursken kyrkje og stiller gjerne på oppdrag der. Dei unge songarane synest det var stas å sjå og høyre gamle kormedlemar og songar. Det er fint å vere ein del av eit 38 år gamalt miljø.

På konserten fekk vi høyre om mimring frå Vintretreff i Ørsta som sette YGTS på kartet. Kanskje var det, allereie då, fantasert om å arrangere vintertreff i Sande? Då er det stas at dagens Ten Sing også kan skrive med blokkbokstavar i YGTS-minneboka.

Den 1. til 3. mars i år står YGTS på Breidablik for å ta imot over 170 ungdomar frå heile Møre og Romsdal til tidenes fyrste Vintertreff i Sande. Det vert stas!

Flinke solistar - dyktig band

Dagens Ten Sing har mange flinke songstrupar, og gode solistar står fram på rekkje og rad. Solistane i kyrkja var: Ester Olivia Skare og Emilie Sande Hansen på «Viva La Vida» og Dina Støylen Ristesund på «In The Middle».

I tillegg har Ten Sing eit velfungerande band som består av: Elisabeth Skoge (piano), Elias Kleppe (trommer), Mikael Rovde (bass), Isaac Fjørtoft Sandanger (gitar) og Noah Sandvik (gitar). Han var ikkje med på søndag. Dirigentar er: Birte Kristin Tødenes og Ida Therese Frågodt. Silje Oksavik legg til rette det meste for koret.

Sigmund Bjerkvik takka dei unge i Ten Sing og konstaterte at det var kjekt å sjå og høyre at kulturen lever vidare. Deretter presenterte dei tidlegare Ten Sing-songarane ei rekkje gamle slagarar frå «Good Old Days». Kjellstein Knotten hadde funne fram sin trombone og spedde på med fengjande kvikke tonar under ei av framføringane.

«Shine Your Light» (solist: Line Beate), «Kom til Meg» (solist: Grethe), «Operator» (solist: Vibeke / Line Beate). Under «Shackles» var Jenny Gjerde Sætre frå Gjerdsvika solist og leverte ei praktfull framføring med ei imponerande musikalsk innleving. Jenny var med i Ten Sing fram til hausten i fjor. «Create In Me A Clean Heart» hadde Arnhild Bjerkvik som solist og Mathilde sytte for solo under «Velsignelsen». Det vart to av dei mange glansnummera.

Det såkalla «Kyrkjeorksteret» fungerte som band for «The Ten Sing Old Boys and Girls». I dette bandet finn vi: Andre Leikanger (slagverk), Øyvind Sandvik (gitar), Susann Hauge (saxofon) og Håkon Vestnes (piano). Børge Hauge var «innbyttar» på piano.

Konserten i Gursken vart avslutta med den velkjende og fantastiske «Kyrie».

– Så var det deg, Sigmund

Marianne Brune Leikanger takka:

– Ytre Gurskøen Ten Sing vil gi ei gåve til Gursken kyrkje. Takk for at YGTS har fått vore her alle desse åra. Vi har hatt det utruleg kjekt, dørstokken har vore lav og vi har følt oss veldig velkomne. Ytre Gurskøen Ten Sing høyrer til i Gursken kyrkje. Gåva vi vil gi er notestativ og notelys. Det trengst når ein skal ha slike tilstelningar.

– Så var det deg, Sigmund. Det har vore så kjekt å stå her framme og synge i dag. Alt frå mimikken, småtårene i augekrokane våre - det kan ikkje beskrivast, sa ho og heldt fram:

– Vi er så glade for at du starta opp Ten Sing, ungdomstida hadde ikkje vore den same utan. Vi har kjøpt deg ei gåve som kan romme mange minner, nemleg ein tursekk. I den er det Smørbukk-karameller – det beste du veit. Melkehjarta for å dele med Ingrid. Kvikk Lunsj for å dele med borneborna og sist men ikkje minst - ei fyrstikkøskje. Du har vore eit lys for oss, vi håpar du får mange lyse dagar i framtida. Tusen takk!

Sigmund avsluttar:

– Det har vore gjensidig, det å ha det godt desse åra, og det har vore som ein draum og få kome hit å få vera saman med dykk. Eg håpar de merkar på meg og dei i koret at det skjer noko når vi møtest og skapar noko, det er godt å dele noko. For å knyte tråden bak – og framover – kan dagens Ten Sing kome fram og avslutte saman med: Shackles.

Og det gjorde dei med stor glans og med Jenny Gjerde Sætre frå Gjerdsvika som ein strålande flink og dyktig solist. Ingvild Hagen var dirigent for heile flokken.

Frå ein omtale i 1984...

Dette stod det å lese i Vestlandsnytt for snart 35 år sidan etter at lokalbladet i november 1984 stilte opp på ein øvingskveld for Ytre Gurskøen Ten Sing i Gursken kyrkje:

«Kvar fredagskveld samlast over 60 ungdomar til korøving i Gursken kyrkje. Ytre Gurskøen Ten Sing har etter kvart vorte eit etablert og godt likt tilbod for ungdom i Sande. Mykje av æra for dette må tilskrivast den dyktige og populære dirigenten, Sigmund Bjerkvik. Det er ikkje «berre berre» å halde styr på nærare 100 ungdomar - «i sin verste alder» - men dette greier prest Sigmund godt. Ikkje fordi han er streng, men fordi ungdomen likar å vere med i koret. Og då vert motivasjonen også god.

Ytre Gurskøen Ten Sing har verkeleg begeistra mange song - og musikkinteresserte sandssokningar i det siste. Sist søndag imponerte koret stort i «heile kyrkjelyden syng» i Gursken kyrkje. Det som i første rekkje imponerte, var den gjennomgåande store kvaliteten koret viste, men også det at ein har klart å samle størsteparten av ungdomen på Gurskøydelen i Sande i eit kor. I tillegg har Ten Sing ei rekkje gode musikantar og solistar i sine rekkjer. Vestlandsnytt avla koret ei vitjing på siste øvingskvelden før konserten deira i Gursken kyrkje».

Starten

Første øvinga for Ytre Gurskøen Ten Sing var om hausten i 1981, på bedehuset på Knotten. 50 ungdomar møtte denne første kvelden. Mellom desse var alle konfirmantane det året, for Sigmund hadde sagt at dei berre hadde å møte opp viss dei skulle ha nokon sjans til å verte konfirmerte!

Deretter har det gått slag i slag. Stammen i koret har vore den same, men det har stadig dukka opp nye talent. Om sommaren tek dei ferie, men elles er det øving kvar fredag. Koret er ope for alle, og ein tek sikte på å ha eit ope og trygt miljø. Konfirmantalderen er den nedre aldersgrense, men det er inga fast grense oppover. Andakt er fast innslag på kvar øving, for Ten Sing er eit kristent tilbod, men det vert ikkje stilt noko krav til medlemane anna enn at dei ikkje får motarbeide korets idear.

Tekst: Arthur Vestnes, med god hjelp frå Silje Oksavik