Då han sa til mor si at han ville på selfangst, var ho ikkje begeistra for det. Han var berre 17 år då.

– Det er kaldt og farleg der oppe i ishavet, og då kjem du ikkje igjen, sa ho.

Men han ville på selfangst. Han fekk seg plass på ein liten selfangar som heitte «Kap Flora».

Ein gong han var ute på isen og fangsta, skulle han hoppe frå eit isflak til eit anna. Men han nådde ikkje heilt fram til flaket, så han hamna rett ned i issørpa.

Det kunne ha gått gale, men han klarte å kome seg opp på flaket igjen. Då tenkte han på det mora hadde sagt.

Det var ikkje berre å gå om bord i båten igjen og byte kle. Det var å tømme støvlane og vri opp strømpene, og halde fram vidare. Det var langt til skuta. Han fortalde at dei var våte, trøytte, og ikkje minst, svoltne under fangstinga.

For å få i seg varmen og halde unna svolten, drakk dei kobbeblod. Det var varmt og styrkande.

Eg snakka om dette med ein ishavsskipper eg var saman med. Han sa at dette ikkje var uvanleg når folk var langt frå skuta, og var svoltne og slitne. Han var mange turar i Vesterisen på 50-talet.

Far fortalde at dei låg fastfrosne med skruing så bakseluka på dekk sprang opp på grunn av press på skuta.

På heimturen fekk dei storm. Om natta vart dei uttørna for å ta ned storseglet på grunn av grov sjø og vind. Båtane var ikkje utstyrte med elektrisk lys denne tida. Det var karbinlykter.

Far fortalde at han sprang opp på vinsjen bak mastra og heldt seg rundt ho, då skipperen ropte at det kom ein stor sjø. Det var vatn både over og under han, men han klarte å halde seg fast. Då sjøen hadde passert var det namneopprop, og alle var der. Då var skipperen glad, fortalde han.

På overseglinga var det mykje dårleg vêr, og mykje kol gjekk med. Dei brukte spekk tilå drøye fyringa med, og materiale som kunne brukast.

Då dei kom inn Valderøyfjorden, var det nesten tomt for noko å fyre med, fortalde han.

Seinare var han med ei skute som heitte «Øst». Dei fangsta i Kvitsjøen og Novaja Semlja.

«Jøna» var også ei lita skute som fangsta håkjerring ved Svalbard/Spitsbergen.

Han sa det var berre levra dei brukte. Denne vart brukt i sprengstoff-industrien. «Lepsøy» og «Svalbard» var båtar han var på sildefiske med. Seinare segla han i Wilhelmsen og Den Norske Amerikalinje.

I 1951 vart han partseigar i linebåten «Øygard I», som dreiv håbrann- og linefiske. Han var også på håbrannfiske ved New Foundland etter at han var over 60 år.