Som kjent gav rådmannen tommel ned for Dikbas og hans cateringverksemd i forkant av denne vekas møte i maritim og teknisk komite (MTK).

Dikbas starta verksemda sommaren 2018 frå si eiga garasje i eit bustadområde på Kvalsund. Naboane klaga på tiltaket og meinte det blant anna førte til auka trafikk og matlukt i området.

Dikbas sjølv meinte derimot at cateringverksemda ikkje var til stor ulempe for naboane, og skreiv også i sitt tilsvar at kommunen har gitt løyve til andre liknande tiltak rundt om i kommunen, og at det derfor måtte vere like vilkår for alle.

Eit sentralt element i saka var også at Dikbas ikkje søkte om løyve før i november 2018.

Splitta MTK-komite

Då vedtak i saka blei gjort denne veka, viste det seg at medlemane var splitta i synet på saka. Runar Stave og Robert Kleppe (begge Ap) røysta for rådmannens tilråding om å ikkje gi dispensasjon, medan H, Frp og KrF sine representantar røysta for. Dermed blei dispensasjon gitt med tre mot to stemmer.

– Vi vurderer det å drive cateringverksemd til å ikkje ha for stor ulempe for naboar. Det er også forskjell på å drive cateringverksemd og eit gatekjøkken, kommenterer komiteleiar Idar Tarberg (H).

Som vilkår for dispensasjonen er ein søknad til Statens vegvesen om utvida bruk av avkøyrsla.