Statens vegvesen har gått vekk frå planane om å etablere eit rumlefelt på fylkesvegen i Leikongbakken. Det er gjort etter at folk som bur i området har sagt eit klart «nei takk» til utprøving av eit slikt fartsdempande tiltak i 60-sona.

Er stripene fyrst komne, vil dei vere vanskelege å få bort, skriv Ingeborg Lyster og Jarl Strømsnes i ein felles uttale til rumlefeltplanane. Dette synet meiner dei er representativt for alle som bur i området

Støyproblematikken er ei av årsakene til at folke ikkje vil ha rumlefeltet. Om det ikkje er tale om ein auke på meir enn 2 dBA, vil dette kome på toppen av trafikkstøyen som er høg nok frå før. Folk trur heller ikkje eit rumlefelt på ei lita strekning vil ha nokon effekt.

Fartsnivået i 60-sona er målt til å ligge på mellom 73 og 75 km/t.

Vegvesenet har heller ikkje noko alternativ til rumlefelt, og gjer det klart at oppsetting av fotoboksar ikkje vil vere noko alternativ då Leikongbakken ikkje oppfyller kriteria for ei slik etablering.

Ballen blir no spela over til innbyggarane og ber om eit samla utspel viss det skulle vere ønskje om vidare undersøkingar av mulege trafikktryggingstiltak i Leikongbakken.