I ei konkret sak som var omtala i media – først i vikebladet.no – vart ein mann som nyleg er dømd til 12,5 års fengsel, oppdaga mellom badande born på Sunnmørsbadet. Oppvakte foreldre som kjende til mannen og hans sak, tok affære og bad mannen om å forsvinne.

Mannen vart nyleg dømd i tingretten, der han også vedgjekk seksuelle overgrep mot born heilt ned i spedbarnsalderen. Domen vart anka. I påvente av at neste runde, der det er straffeutmålinga som skal opp i lagmannsretten, er mannen på frifot.

Slike saker kan reknast som store dilemma. Det er nemleg fullt ut forståeleg at badeinstitusjonar og andre verksemder der born og familiar naturleg ferdast, ikkje har makt eller mynde til å drive med borgarvern og ta lova i eigne hender. Men kvar går grensa? Ved mistanke? Dom? Er folk «fri» etter soning? Men kva når vedkomande har vedgått forholda, og ventar på ein endeleg dom?

Denne saka er nemleg heilt spesiell.

I ei så alvorleg sak – i alle fall etter ei naturleg rettsoppfatning mellom mange – bør det vere tungtvegande grunnar som tilseier varetektsfengsling. Ikkje minst sidan vedkomande har vedgått dei særs alvorlege forholda han er sikta for. Det dreier seg om fleire titals overgrep mot asiatiske born via internett. Når advokaten seier mannen er «krenka», og vurderer å melde dei som gjennom sosiale medium har namngitt mannen med namn og bilde, reknar vi det litt som eit skremmeskot.